I slutten av 2015 hadde Sjømatrådet med seg ti eksportørbedrifter til India for å lære meir om kulturen og økonomien i det indiske samfunnet. Ved hjelp av eit asiatisk analysebyrå har dei også gjennomført ulike typar forbrukarundersøkingar og konkrete produkttestar, og Jacobsen er ikkje i tvil om at norsk fisk vil bli godt mottatt av indiske forbrukarar. Det handlar både om smak og helseaspektet.
Men det er enno eit stykke fram før vi kan reise til India å rekne med å finne norsk laks i ein tilfeldig butikk.
-Enn så lenge så er den indiske marknaden liten, og prisane ligg langt over det dei alle fleste indarar har mogelegheit for å betale for maten sin, seier Jakobsen. Vegen vidare handlar om å få på plass meir gunstige handelsavtalar og nødvendig infrastruktur, noko som enno vil ta tid.
Slår av straumen om natta
Ein infrastruktur med kjølekjedar vert sakte men sikkert bygd opp i India, men det er mange ting som tek tid, og så langt er daglege straumbrot og straumsparing ved å slå av om natta, heilt vanleg.
Ei anna utfordring er at økonomien er prega av proteksjonisme. Det er vanskeleg for internasjonale handelkjedar å få lov å etablere seg i India, og statsminister Narendra Modi vil gjerne at all produksjon skal føregå i India.
– Dei er redde for å misse jobbane sine dersom dei internasjonale supermarknadane slepp til, seier Jacobsen.
Fornuftig ressursbruk
Spørsmålet ein kan stille seg er om det er grunnlag for bruke mykje ressursar i denne marknaden, og det meina Jacobsen at det er.
– Vi kan samanlikne dette med Kina. Då vi starta det arbeidet i førre århundre vart det også stilt spørsmål ved om det i heile tatt var mogeleg å bygge opp ein marknad der. Den gongen hadde vi heller ikkje ein ubroten kjølekjede i det folkerike landet.
Ho framhevar også at vi alt har ein markand i India, og ei utvikling der proteksjonismen avtek og vi får betre handelsavtalar vil gi norsk fiskeeksport store mogelegheiter. Sidan India er eit demokrati, trur ho heller ikkje at ein vil oppleve at importen blir stoppa på same måten som vi har sett i Kina og Russland.