Eit godt lakseår i nord

Nyheter
764

– Det har vore eit fantastisk pris-år for norsk laks, men produksjonsmessig har vi nok hatt ein del utfordringar. Vi merka det spesielt godt på manglande stabilitet, mellom anna på grunn av ustabil utslakting, seier direktør Ole Kristian Kjellbakk i salselskapet Polar Quality i Bodø til iLaks.

Dei først åtte månadane ser veldig bra ut i rapportane, men dersom vi går inn på detaljane så ser vi at salet variera veldig gjennom veka. Kundar som vanlegvis handla på fredagen valde å halde igjen, og det skapte problem for eksportørane. Kjellbakk meina importørane tente på dette i første runde, men når prisauken kom mot slutten av året, tapte dei på det.

Dei fleste kundane til Polar Quality har i hovudsak hatt eit godt år på grunn av valutasituasjonen med ei svak norsk krone, og det vurdera direktøren som positivt. Tidlegare har det enda med at ein del kundar ikkje har vore i stand til å betale for seg, noko ingen er tent med.

20 prosent opp
Polar Quality kjøper i hovudsak laks frå oppdrettsselskap lokalisert i området frå Troms til og med Helgeland. Selskapet har selt for over 900 millionar kroner, med 20 prosent auke både i volum og omsetning i 2015.

– Vi har aldri selt så mykje, verken i kroner eller kilo, seier ein godt nøgd direktør.

Aureprodusentane fekk lide
Russland har alltid vore ein viktig marknad for nordnorske oppdrettsselskap. Prisane har vore forholdsvis gode og volumet stort. Då det stoppa opp var den russiske marknaden på veg til å bli laksemarknad nr 1, forbi både Polen og Frankrike, og det fortel i seg sjølv at dette fekk stor innverknad for produsentane.

På den andre sida trur ikkje Kjellbakk at vi hadde hatt nok fisk dersom Russland hadde fortsett som før.

– Så vi kan vel kanskje sei at det også var gunstig at etterspurnaden gjekk ned. Ein sterk prisauke som resultat av lite råstoff kunne resultert i ein kjempesmell og sterk nedgang i etterspurnaden, seier Kjellbakk, men framhevar at dette gjeld laksen.

For dei som produsera aure er ikkje situasjonen like positiv. Her er utviklinga eit godt eksempel på kva som skjer når ein blir for avhengig av einskildmarknadar over lengre tid.

– Vi har hatt det for godt med Russland, og når det smell, så blir det problematisk. På aure har vi berre fem til seks store marknadar.

Framtida i nord

Direktøren i Polar Quality ser berre positivt på framtida for produsentane av nord-norsk laks.

– Nordnorske produsentar vil klare seg like godt som dei i sør. Når det gjeld lus, så er det jo absolutt ikkje ein hemsko å vere lokalisert her nord. Vi ser jo at ho kjem hit også, men produksjonsmessig har vi vel så langt ikkje hatt dei heilt store problema. Det har vore litt sjukdom i nokre områder, men summa summarum så ligg vi kanskje lokalisert i verdas beste områder for å produsere atlantisk laks, seier direktøren til slutt.