E. Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk har no landstraum eller batteridrift på alle lokalitetar

Nyheter
2849

E. Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk er no i mål med å få alle lokalitetar over på landstraum eller hybridteknologi.

Tiltaka vil redusere klimaavtrykket frå produksjonen betydeleg, gje eit bedre arbeidsmiljø og samtidig gje mindre støy til dei som bur eller ferdast nær våre anlegg, skriv duoen i ei pressemelding.

– Denne veka blei lokalitet Marøytåa på Svanøy kopla til straumnettet, ein etterlengta investering vi starta opp planlegginga av for eit år sidan, seier Elin Tveit Sveen, dagleg leiar i Marø Havbruk. – Det var ein stor dag då vi kunne slå av generatoren og det likevel var straum på oppdrettsanlegget.

På lokalitet Langeråa i Batalden har vi hatt landstraum sidan lokaliteten starta opp i 2005, seier Nils Tore Karstensen i E.Karstensen Fiskeoppdrett.

På lokalitet Grunnsøya som ligg lengst nord i Flora kommune var avstanden til land større og valet blei å gå for løysinga Fjord Hybrid med batteridrift levert av Fjord Maritime.

800 meter lang kabelen i land med anlegget i bakgrunnen.

– Sidan oppstarten på lokaliteten i mai har Fjord Hybrid redusert gangtida til dieselgeneratoren frå 24 timar til fire timar pr. døger. Resten av døgeret ligg vi kun på batteri, og har redusert gangtida til dieselgeneratoren med 84 prosent. Det er god butikk for oss og for miljøet, legg Karstensen til.

– Når dieselgeneratoren først går, så opererer den på sitt ideelle effektområde og ladar batteria med restkapasiteten til desse er ferdig lada, deretter går systemet automatisk over på batteridrift. Dermed minimerer ein gangtida til generatoren, i tillegg til at den blir køyrd på belastninga den er designa for å ligge på, seier Øyvind Bakke frå Fjord Maritime, som har utvikla Fjord Hybrid.

Svingningar på energisida gjennom eit døger eller ein produksjon er inga utfordring. Batteria leverer etterspurt energi til anlegget, og når batteriet treng lading startar generatoren, og gir maksimalt kW pr. liter diesel. Dette resulterer i optimal bruk av generatoren og minst mogleg NOx- og CO2-utslepp. Fjord Hybrid klargjer òg flåtane til å ta i bruk ny teknologi innan fornybar energi som vind, bølge, tidevatn og solenergi.

Løysinga har ei forventa nedbetalingstid på tre år og batteripakka er dimensjonert for ei levetid på ti år.

D