Dusør etter fangst av rømt fisk i fire kommunar

Nyheter
0

Det vert fanga regnbogeaure i kommunane Bergen, Austevoll, Øygarden og Bjørnafjorden etter rømminga ved Lerøy Vest Sjø sin lokalitet Naveide i Austevoll.

Ein stor del av fangsten er teken av fartøy innleigd av selskapet, men Fiskeridirektoratet mottek jamleg andre tips om fangstar i både sjø og vassdrag.

Lerøy Vest Sjø melde 31. august til Fiskeridirektoratet om at dei hadde oppdaga eit større hol i nota i ei av merdene ved lokalitet Naveide i Austevoll kommune. Skaden i nota blei oppdaga under ROV-inspeksjon etter at Fiskeridirektoratet hadde fått inn tips om fangst av regnbogeaure i Korsfjorden-området.

Det er snakk om ei større rømmingshending, men selskapet har ikkje fått avklart omfanget ennå. Regnbogeauren er om lag tre kg i storleik, melder direktoratet.

Fiskeridirektoratet har motteke i nærare 30 tips frå privatpersonar og grunneigarlag om fangstar av regnbogeaure. Desse tipsa strekker seg i det alt vesentlege over området Korsfjorden – Fusafjorden. Det er også fanga regnbogeaure i Oselva og ved elveutløpa i Sævareid og Eikelandsosen.

«Fiskeridirektoratet har oppretta tilsynssak med hendinga, og har blant anna vore på inspeksjon på lokaliteten. Vi har også pålagt selskapet gjenfangstfiske i sjø, no avgrensa til Korsfjorden, Raunefjorden, Fanafjorden og Lysefjorden. Dette fisket pågår med fartøy innleigd av selskapet, og per 11. september har Lerøy Vest Sjø meldt inn ein gjenfangst på cirka 1.600 fisk. Fangst gjort av privatpersonar og elveeigarlag kjem i tillegg», skriv direktoratet.

Publikum som ønsker å levere inn fangsten sin kan kontakte Lerøy Vest Sjø om dette. Selskapet har også utlova dusør på 250 kroner per gjenfanga regnbogeaure.