Dro inn ein halv milliard ifjor

Nyheter
0

Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit resultat før skatt på 517 millionar kroner i 2021.

Med ein omsetnad på 2.032 millionar kroner gir dette ein resultatmargin på 25,4 prosent, skriv selskapet i ei melding.

I 2021 produserte konsernet nesten 37.000 tonn laks, mot 40.000 tonn året før. Slaktevolumet var uendra samanlikna med året før.

Alsaker er 100 prosent eigd av Gerhard Alsaker.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2021 fire smoltanlegg, 24 matfiskkonsesjonar, eit slakteri og eit havbrukssenter.
Produksjonen i konsernet skjer i 14 kommunar: Alver (Meland), Bjørnafjorden (Fusa), Bømlo, Etne, Kvam, Kvinnherad, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Stavanger (Rennesøy), Sandnes, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

Ved utgangen av 2021 var det 253 fast tilsette i Alsaker-konsernet. Konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen, står det i meldingen.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året kr 1.806 millionar kroner – noko som gir ein eigenkapitalandel på 58 prosent.

Gerhard Alsaker (med alpelue) under dåpen av brønnbåten «Kristoffer Tronds». Foto: Aslak Berge