Laksenæringa i Nord-Noreg utviklar seg raskt og årleg har vi 25 000 vogntog som fraktar 500 tusen tonn laks på vegane våre. Det skaper behov for tiltak på fleire transportområder, men i første rekke poengterte Nerdal behovet for ei generell hevinga av standarden, og fjerning av flaskehalsar på E6.
Må også satse på fylkesvegane
Utbygging av store lakseslakteri medfører transport av store volum og press på fylkesvegnettet. Nerdal nemnde spesielt at det er behov for utbetring av fylkesvegen til Skjervøy, eit vegnett i området rundt Mo i Rana, eit i Sør-Varanger, nokre områder på Senja og eit par vegstubbar i Sør-Troms.
Treng betre reservemateriell
I tillegg til høgare standard på vegnettet er mange selskap også avhengig av ferjetransport, og her er det kvaliteten som er flaksehalsen. Når dei ferjene som går i dagleg trafikk er ute av drift, vert det ofte sette inn reservemateriell med mykje mindre kapasitet. Dette er det vanskeleg for bedriftene å planlegge for, og det skaper store problem.
Nerdal etterlyser også lengre opningstider på ferjesambanda. Full stopp om natta kan bety mange timar forseinking for ein laksetransport sørover.
– Dette handlar jo om ferske produkt som krev rask framføring, sa Nerdal til forsamlinga.
Men han ville også gi litt ros til myndigheitene. Ei betring av kapasiteten på ferjesambandet til Arnøya i Nord –Troms og fleire nattferje mellom Kjøpsvik og Drag i Nordland er ein god start. Men næringa ønskjer heilt klart fleire avgangar på samband som fraktar mykje laks.
Opne vegar
I tillegg til utbetring av vegane og godt vedlikehald, må myndigheitene også ha fokus på at vegane skal vere opne og framkomelege heile året.
Til slutt poengterte Nerdal at det i tilleg må satsas på jernbanen. Den er også viktig for havbruksnæringa, men pr. dags dato er det transport på bil som gjev den fleksibiliteten som trengs for frakt av fersk laks.