Vi treng skattereglar som sikrar inntekter til stat og kommune, og som verkar utjamnande, rettferdig og rimelege, og som sikrar likebehandling. Samtidig er det avgjerande at skattereglane legg til rett for at bedriftene våre kan utvikle seg, gjerne investeringar, og trygge og skape arbeidsplassar. På sikt er det det som best kan sikre velferden vår og at folk har ein jobb å gå til. Høgre vil derfor redusere formueskatt på arbeidande kapital. Og det har vi gjort med Høgre i regjering.
I Solberg-regjeringa sitt budsjettforslag blei det foreslått å gjere endring i eksisterande praksis for verdsetting av oppdretts-konsesjonar gitt før 1. januar 1998. Desse konsesjonane har – i motsetning til konsesjonar gitt etter 1998 – ikkje gått inn i formueskattegrunnlaget. Dette med mindre dei har vore omsett eller er ein del av eit børsnotert selskap. For å sikre lik skattlegging av konsesjonar gitt før og etter 1998, blei det derfor foreslått at konsesjonar gitt før 1998 nå også skal verdsettast etter omsetningsverdi.
I budsjettframlegget frå Solberg-regjeringa blei det vidare foreslått at den generelle formueskatten på arbeidande kapital skulle reduserast. Dette slik at skattesatsen er 0,85 prosent, samtidig som verdsetting av aksjar blei redusert til 50 prosent. Dette i tråd med at Høgre ønskjer å gjere det lettare å utvikle bedriftene, skape fleire arbeidsplassar og fjerne den urettferdige forskjellen norske og utanlandske eigarar.
I budsjettavtalen mellom Ap, Sp og SV har dei tre partia sagt seg enig i forslaget om å likestille oppdrett-konsesjonar gitt før og etter 1998. Samtidig blir formueskatten generelt skjerpa. Dette slik at skattesatsen aukar til 0,95 prosent på formuar over 1,7 millionar og til 1,1 prosent på formuar over 20 millionar. Vidare blir verdsettinga på aksjar auka frå 50 til 75 prosent, og dertil blir skattesatsen på utbytte auka. Det siste høyrer med i det totale bildet fordi eigarar i praksis må ta pengane ut av bedriftene for å kunne greie å betale formueskatt.
Der Solberg-regjeringa sitt forslag var grunngitt i ei skattemessig likebehandling av oppdretts-konsesjonar, har Støre-regjeringa i tillegg pålagt bedriftseigarane ei vesentleg auke i formueskatten. I praksis vil ein lett snakke om ei dobling av det beløpet oppdrettarane må ta ut av bedriftene sine for å greie å betale formueskatt, samanlikna med Solberg-regjeringa sitt framlegg. Støre-regjeringa sin dobling av formueskattebyrden gjeld òg generelt for næringslivet, og ikkje berre oppdrettarar.
Det er lett å forstå at mindre, lokale «familiebedrifter» langs kysten opplever endringane i formueskattlegginga som utfordrande, og at det kan sette i gang utilsikta strukturendringar, sjølv om formålet var ei skattemessig likebehandling av konsesjonar. Derfor er det viktig at det blir lagt til grunn eit fornuftig skjønn ved fastsetting av desse konsesjonane, og at regjeringa finn gode modellar for dette i samarbeid med næringa. Dette vil Høgre arbeide for skal skje.
Havbruksnæringa er ei viktig næring for kysten. Den skaper store verdiar, og sikrar aktivitet og arbeidsplassar. Skal næringa greie det, må vi ha skattereglar som legg til rette for dette. Det er ein av grunnane til at Høgre vil redusere formueskatten ytterlegare på arbeidande kapital, medan Støre-regjeringa vil gjere det motsette.