Dialog om årets elveovervaking

Nyheter
552

Like før påske publiserte Fiskeridirektoratet resultata frå overvakingsprogrammet for rømt oppdrettslaks i 2014.

Programmet hentar data frå eit breidt utval av elver og vassdrag i Noreg. Overvakingsprogrammet er leia av Havforskningsinstituttet, men også ei rekkje andre institusjonar og enkeltpersonar bidrar til programmet.

— Vi trur at dialog og utveksling av synspunkt vil gjere overvakinga betre og på sikt vil det kunne gi endå betre forvaltning av norsk havbruksnæring, seier direktør Jens Christian Holm ved Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Både forskning, forvaltning, oppdrettsnæring, villaksinteresser og naturvernorganisasjonar er inviterte til møtet og vil få høve til å fremje sine syn. Møtet vert leia av fiskeridirektør Liv Holmefjord.

— Val av vassdrag og metodar for overvaking er viktige for at vi skal få den kvaliteten og pålitelegheita som er nødvendig for å tilfredsstille krav til forvaltning av laksen. Vi vil ha openheit kring dei val og prioriteringar vi gjer. Vi vonar at dialogmøtet 30. april skal bidra til det, seier Holm.