– Det er måndag, og då veit me at det skal teljast lus

Nyheter
1651

Det er mindre enn to månader sidan Lingalaks fekk levert «Nuten» frå Risnes Marine Craft. Ein arbeidskatamaran av det solide slaget. Rett og slett ein kamerat til å stole på i ein travel og variert oppdrettskvardag. 

Klokka er berre kvart over sju. Dei første bilane har alt parkert utanfor basen på Linga, litt forbi Strandebarm, retning Norheimsund. Eit usannsynleg høgtrykk har limt seg fast over Hardangerfjorden, og det er lett å starte ei ny veke med arbeid i Guds frie natur.

Snart er me på veg ut til Aplavika. Det tek berre nokre minutt på den blikkstille fjorden. Der ventar den siste tilveksten i flåtestyrken til Lingalaks. Ein lokalitetsbåt som ved første augekast ser ut som ein stor og kvadratisk raud legokloss. Men som snart viser seg å vera ein aluminiumskatamaran med ekstraordinær stabilitet, gode manøvreringseigenskapar og mange gode løysingar for maks tryggleik. 

Trio i aksjon
Thea Femsteinevik (lærling på 19), Ine Malene Næss (TAF-elev på 17) og driftsleiar Gaute Femsteinevik er ikkje før komne på anlegget, før førstnemnde startar opp «Nuten». Straks etter er ho i sving med den store kranen, og saman med Gaute får ho ei stor not over i båten.

– Det er måndag, og då veit me at det skal teljast lus. Det er heldigvis gode tilhøve for laksen, og veldig lite lus å sjå. Så opererer me også med ei grense på 0,1 kjønnsmoden lus per fisk, før det vert sett i sving tiltak. Hadde det kome endå litt meir smeltevatn ned fjellsidene, ville saltinnhaldet i sjøen vore noko nær optimalt, forklarar Gaute, bak eit par solide solbriller. Etter 25 år i Lingalaks, veit han kva han snakkar om. Lokalitetane Aplavika og Bergadalen kjenner han betre enn dei aller fleste.

Thea Femsteinevik og Gaute Femsteinevik

Verktyet ein treng
– Me har hatt ulike lokalitetsbåtar her på Aplavika opp igjennom åra, og «Nuten» er eit hakk opp for oss. Den er super til daglege gjeremål. Og har ein krane som er passe sterk til dei oppgåvene me skal få løyst lokalt. Akkurat det verktyet me treng, skryt den røynde driftsleiaren. Like etterpå har han og jentene teke seg ut til den næraste merden, og nota som skal ta opp laks for luseteljing er alt på veg uti.

Med oss denne solfylte junidagen er også Georg André Melcher. Han er av dei ferskare andleta i oppdrettselskapet, og har vore prosjektleiar for den nye arbeidsbåten. Ein lokal kar frå Norheimsund, som er utdanna mariningeniør, og har fartstid både frå Ulstein på Mørekysten, LMG Marin i Bergen og til sist Fjellstrand på Oma. 

Sjølv om «Nuten» er under åtte meter er han bygd i samsvar med reglar for større båtar. Lingalaks utfordra båtbyggjaren i Rosendal til å konstruere ein trygg farkost, som om det var ein båt med krav til fartyinstruks. Båten er kontrollert av eit godkjent kontrollføretak, og har prov på at han kjem innanfor gjeldande forskrift. 

Sertifikatkrav
At båten er under åtte meter, gjev også selskapet ein del fordeler i kvardagen. Frå 1. juli kjem ei endring av Sjøfartsdirektoratet sitt krav til kompetanse for båtar over åtte meter, som vert brukt i næring. Alle båtførarar skal innan 2023 ha teke eit sertifikat kalla D6. 

– Dei som skal føre «Nuten» treng ikkje D6-sertifikat, slik farty over åtte meter er varsla at dei snart må ha. Det gjev oss større fleksibilitet, utan at det må gå utover den overordna tryggleiken til dei tilsette. Me tek grundig opplæring internt, og alle som er i sving på båtane våre har fått god kunnskap om drift og bruk av desse, forsikrar Georg André Melcher.

Gode tider
I skrivande stund er dagleg leiar i Risnes Marine Craft, Ronald Hellenes, på veg frå Polen til Rosendal Marineservice. Med nok eit skrog som skal bli til lokalitetsbåt for oppdrettsnæringa.

– Det har vore travelt dei par siste åra. Dette er jo ikkje nokon marknad med korkje store marginar eller lange tidshorisontar. Me har arbeid til ut på nyåret, og det er bra. Korona-tida har sjølvsagt skapt utfordringar for oss også, men eg er etter måten godt nøgd med stoda, forklarar Hellenes.

Ei god oppskrift
Nøgd er han også med den nylege leveransen til Lingalaks.

– Det vart til slutt ei veldig god løysing for alle partar. Og som ofte før, ein arbeidsbåt som er centimeteren kortare enn åtte meter. Utgangspunktet vårt er den nye forskrifta frå Sjøfartsdirektoratet, som krev sertifikat for båtar over denne storleiken. Endringa har vore annonsert i mange år, og alt tyder på at ho kjem 1. juli. Rett nok med ei overgangsordning fram til 2024, røpar Hellenes. Før han avsluttar:

– Me kjem garantert til å halde fram med å byggje gode og konkurransedyktige lokalitetsbåtar som er 7,99 meter lange. Sett saman av dei dyktige båtbyggjarane ved det tradisjonsrike verftet i Rosendal.