– Det blir jobba systematisk for å få kontroll med lakselusa

Nyheter
670

Nils Tore og Geir Karstensen samarbeider med Elin Tveit Sveen og Trond Sveen på Svanøy om drift av fire laksekonsesjonar.

Mandag hadde dei besøk av Næringskomiteen på Stortinget.

– Næringskomiteen er no inne i sluttfasen for å gjere vedtak i havbruksmeldinga, som skal styre korleis næringa kan utvikle seg vidare. Det er veldig viktig at vi får vise dei sentrale politikarane at det blir jobba systematisk for å få kontroll med lakselusa utan å bruke kjemikaliar og medikament, seier Elin Tveit Sveen til Firdaposten (krev pålogging).

Havforskingsinstituttet og Veterinærinstitituttet er usamde om ein skal måle lakselusmengdene på oppdrettsfisk eller på villaks som grunnlag for kapasitetsjusteringar i næringa.

– Måling av lakselusmengdene må gjerast i anlegga, der vi har kontrollen sjølve. Dersom lakselusbehandling skal bestemmast av målingar på villfisk av laks og sjøaure med metodar som enno ikkje er ferdig utvikla og skikkeleg utprøvd, det har vi ikkje tru på blir ei god løysing, seier Tveit Sveen.