– Det beste året – ever

Nyheter
732

Etter inflasjonsjustering av prisane i 2016 kan ein i fylgje Liabø snakke om det beste året på godt over 25 år.

Nedgang
Hovudårsaka til at ein har fått ei så god prisutvikling er ein forholdsvis kraftig nedgang i utbodet. På den eine sida vart produksjonen i Chile kraftig redusert etter ei algeoppblomstring som drap ned rundt 25 millionar atlantisk laks. Men prisutviklinga er også påverka av at dei norske produsentane ikkje har klart å auke produksjonen.

– Det er ingen dramatikk når det gjeld produktiviteten, men vi har heller ikkje klart å få framgang, seier Liabø.

– Det ligg an til at vi også får eit svært godt år i 2017, men eg tør ikkje sei om det blir like godt som i 2016. Andre proteinkjelder kjem mest truleg til å bli billegare i 2017 ut frå dei låge fôrkostnadane som har vore, seier Liabø.

Kostnad
Auken i produksjonskostnadane i perioden frå 2012 til 2016 utgjorde ein ekstra totalkostnad for næringa på 7,5 milliardar kroner. Gjer ein den auken om til årsverk betyr det lønn til ti tusen personar.

– For sysselsettinga er jo det veldig bra, og det har kome kysten til gode, men det kan jo ikkje fortsette på den måten. Hadde vi ikkje hatt så høg prisauke, så hadde situasjonen vore annleis, seier Liabø.

Jada, 2017 blir eit godt år, det også