– Dei store aktørane i næringa har aldri stått for vesentleg del av innovasjon og utvikling

Meninger
834

iLaks skreiv mandag at AKVA group er klare til å levere lukka anlegg for oppdrett av laks.

– Det er dei ikkje, og særleg all den tid dei framleis snakkar om landbasert produksjon.

Eg skal ikkje sei så mykje om landbaserte anlegg, bortsett frå at ingen så langt har greidd å tene pengar på landbasert produksjon. Å flytte oppdrettsnæringa på land er i alle høve utopisk, å bygge ned verdifull strandsone for slik produksjon er meiningslaust.

For å utnytte naturgitte fordeler så må vi halde oss på sjøen, i flytande installasjonar.

Det er også ein tvilsam påstand at det må store aktørar til for å stå for utvikling; dei store aktørane i næringa har aldri stått for vesentleg del av innovasjon og utvikling, det er mindre aktørar som har stått for utprøving og teke risiko med utvikling av ny teknologi i lakseoppdrett.

Resirkulering av vatn/sjø er aktuelt i to høve; når tilgang til vatn/sjø er avgrensa, eller når det er snakk om oppvarming/kjøling. Bortsett frå det så er resirkulering fordyrande og komplisert og noko ein bør sjå helt vekk ifrå i fullskala lukka system.

Nielsen, som den gode danske han er, så stiller han seg avvisande til lukka flytande anlegg og peikar på ei rekke problem med PH- verdi, salinitet, CO2 og temperatur.

Faktum er at i eit full skala lukka flytande oppdrettsanlegg så er ikkje nokon av desse parameter problem eller noko stor utfordring. Med ubegrensa tilgang til frisk sjø frå +20m djup – utan lakselus yngel, så vil fisken gå i den same friske sjøen som i eitkvart tradisjonelt ope oppdrettsanlegg. Pumpekost resultat frå ei heil rekke lukka anlegg i drift i dag ligg mellom 0,15 og  0,50 kr/kg produsert. Berre oksygen kost i eit lukka landbasert RAS anlegg ligg på 5-6 kr/kg produsert.

FLO Marine er i gang med prosjektering av eit full skala flytande lukka oppdrettanlegg i samarbeid med Steinvik Fiskefarm og Polarny Maritime, som vi forventar å ha i drift i 2017. Anlegget har ein kapasitet på 48 000m3 – 2400 tonn MTB (vel 3 konsesjonar)og blir verdens største lukka flytande anlegg.

FLO Marine ser for seg leveransar av slike anlegg til fleire kundar når første anlegg er i drift, og ser for seg samarbeid med både store og små aktørar. Vi vil levere til alle som er interessert, og er i ein særstilling sidan vi har patent på flytande lukka oppdrettsanlegg frå 2012.

P918 er laga av Polarny Maritime.