Dårleg eksempel, Hage

Meninger
725

Eg ser av oppslag i FBFI og nettavisa iLaks at ei fersk bok om oppdrettsnæringa, skriven av ein journalist i FBFI, har utløyst ein diskusjon om rollen til dei som til dagleg skal rapportere frå denne næringa.

Spørsmålet ser ut til å være dette: Kan ein journalist som har kritiske synspunkt på næringa publisere desse for eiga rekning og risiko – for eksempel i ei bok – og framleis stå fram som truverdig, tilnærma objektiv og med den journalistiske integriteten som er nødvendig?

Les også: Setter spørsmålstegn ved habiliteten

Eg skal la dette spørsmålet liggje, men når redaktør Øystein Hage viser til meg som døme på FBFI sin praksis, kva no den måtte vere, er han heilt i utkanten av sanninga. Dessutan er det han han kanskje siktar til utan relevans for denne diskusjonen.

Eg vart tilsett i FBFI frå vinteren 2008 til august 2011. Sjøl om eg frå før har skrive bøker rundt dagsaktuelle tema i fiskeri- og havbruksnæringa, skjedde ikkje det i den tida eg tilsett i konsernet som gjev ut FBFI. Rett nok gav eg ut boka “Våte graver” på Samlaget i 2009, men den hadde eit tema og innhald med null relevans både for det eg til dagleg skreiv om i avisa og dermed også for den diskusjonen som no pågår. Boka vart dessutan planlagt, skriven og utgjevinga avtalt medan eg framleis jobba i det frie Fiskeribladet.

Ellers så ser eg av diskusjonen den aktuelle boka vart skriven med permisjon frå avisa. Det er tross alt eit framsteg i høve til praksis for nokre år sidan – her snakkar eg av erfaring – at konsernet let tilsette få høve til fordjuping, analyse og refleksjon.

Ikkje minst i ei sterkt monopolisert “fiskeripresse” er det nødvendig med kritiske, uredde og frie røyster. Å bli “his masters voice” der det etterplaprande sjølskrytet frå næringa blir feiltolka som nøytral og objektiv journalistikk er eit mykje større trugsmål enn å trakke makthavarane i næringa på tærne.