Me i Nesfossen Smolt har den største sympati med folket i Ukraina i den forferdelege situasjonen dei er i.
Me rettar oss etter myndigheitene sine sanksjonar og anbefalingar som frårår enkeltbedrifter eller tilsette å innføra sine eigne sanksjonar. Me gjer kontinuerlege risikovurderingar for å sikra at me fylgjer desse.
Les også: Nå går Rostein-båten inn i russisk farvann – lastet med smolt
Nesfossen Smolt har over fleire år levert laksesmolt til Russland. Me har inngått ein juridisk bindande kontrakt lenge før krigen starta med selskap som ikkje er sanksjonert, og fisken som vert levert er produsert etter kundens krav. Å bryta inngått kontrakt kan fort medføra erstatningsansvar, avliving av fisk og tap av arbeidsplassar på Nesfossen.
Verdas matvareprogram har arbeida hardt for at mat ikkje skal brukas som våpen i krig.
På Nesfossen Smolt produserer me sjømat, og det er me stolte av. Våre ti tilsette produserer årleg om lag tre til fire millionar laksesmolt. Når desse vert slakteklare, vil dei utgjera om lag 15 000 tonn laks, eller rundt 60 millionar måltid. Dagens situasjon er krevjande på mange måtar, også etisk. Etter ei grundig vurdering er vår konklusjon at vårt viktigaste bidrag no er å produsera mat, heller enn å destruera den. Oppretthalda arbeidsplassar, heller enn å stengja ned. Og å etterleva sanksjonar, heller enn å innføra eigne.
Nesfossen Smolt har ikkje inngått nye kontraktar med kundar i Russland etter at krigen starta. Det vil me heller ikkje gjera så lenge krigen pågår.
For å visa vår støtte overfor det ukrainske folket i denne krevjande situasjonen, har me på Nesfossen valt å støtta Røde Kors sitt arbeid til støtte for Ukraina.