Vanskeleg kontraktmarknad for Coast Seafood, som minska driftsresultatet med 36,5 prosent

Nyheter
0

Med ei topplinje i 2021 på nærare 5,6 milliarder kroner leverer Coast Seafood sin høgaste omsetning nokosinne.

Måløy-eksportøren hadde eit auke i sal, men fekk eit lågare årsresultat før skatt frå 2020 til 2021. Driftsresultatet enda på 65,7 millionar kroner, ein nedgang på 36,5 prosent.

«Me er fornøgd med veksten i driftsinntektene og med årets resultat, men 2021 var eit utfordrande år. Uvissa i samband med Covid-19, skapte eit vanskeleg kontraktmarknad. Mange av kundane valde ikkje å fornya kontraktane, noko som medførte store svingingar i spotmarknaden for fersk laks», seier konernsjef, Sverre Søraa, i ei pressemelding.

Selskapet har seks dotterselskap: Coast Seafood USA, Coast Invest, Måløy Seafood, Coast Corporate Services, Sotra Fiskeindustri og Coast Retail.

Overtok Sotra Fiskeindustri
I 2021 har Coast Seafood overteke alle aksjane i Sotra Fiskeindustri. Selskapet var kommen i ein fase der nye investeringar skal gjerast og gründerane i selskapet valde å selja dei resterande aksjane for å få det til.

F.v. Sverre Søraa og Martin Øvrebø er gründere og eiere av Coast Seafood. Foto: Trine Forsland

«Coast Seafood kjem til å satsa vidare på små og mellomstore familieeide oppdrettsselskap, som kan levera riktig kvalitetsfisk til kundane våre. Vidare kan me konstatera at dei fleste av leverandørane våre er blant dei mest effektive produsentane Noreg har. Kombinert med effektiviteten vår i salsleddet, gir dette ei enorm konkurransekraft, som kundane våre verdset. Voluma me no omset gjer oss meir kostnadseffektive enn nokon gong tidlegare», fortel Søraa.

«Året begynte med de høyeste lakseprisene noensinne, men det er store svingninger og spotprisen har sunket betydelig siden da. Samtidig auker kostnadene blant annet som følge av inflasjon og energipriser. Det er ein krevende situasjon for våre kunder og dermed også for oss», avslutter Søraa.

Tvist
Coast eig òg 34 prosent av aksjene i Blom Fiskeoppdrett. Dei to har hatt ein tvist om salsavtala mellom partane.

Tvistetemaet er om Blom har motteke marknadsriktige prisar. Selskapet har bedt Coast framlegga dokumentasjon på om det er betalt marknadspris, men etter vurderinga frå selskapet har ikkje Coast etterkomme oppfordringa til selskapet.

Coast Seafoods Sverre Søraa i vitneboksen. Foto: Aslak Berge

Denne enda i skilsdom, og Blom Fiskeoppdrett vart dømd til å betalte ein erstatning på 4,7 millionar kroner til Coast Seafood, og å avslutte «suspensjonen» av salgsavtalen og gjenoppta leveransene av fisk til Coast Seafood.

Det er fleire pågåande rettsakar mellom partane.

Les meir her: Coast-seier i retten: – Har ikke betalt underpris til Blom

Styret har ikkje sett av utbytte etter 2021. Selskapet har ein eigenkapitaldel på 52,2 prosent av ein totalbalanse på 1.185,4 millionar kroner.

Coast Seafood er eigd 100 av dei to gründerane Sverre Søraa og Martin Øvrebø saman med deira familiar. Konsernet har totalt 277 fast tilsette.

COAST SEAFOOD 2021 2020 Endring
Omsetning 4791,8 4695,9 2,0 %
EBIT 65,7 103,5 −36,5 %
Resultat før skatt 80,9 123,5 −34,5 %
Driftsmargin 1,4 % 2,2 %
Alle tal i millionar kroner