Cargill vil utvide fabrikken i Florø

Nyheter
0

Fiskefôrkjempen vil at ein framtidig containerhamn i Florø skal plasserast nær fabrikken i Gunhildvågen.

Cargill skriv i eit høyringsinnspel til detaljregulering at selskapet ser seg tent med å ligge i umiddelbar nærleik til Florø der det er eit godt tilbod av underleverandørar og servicebedrifter. I havbruksnæringa er det ambisjonar om vekst, og Cargill vil vokse med dei.

«Industriarealet i Gunhildvågen har gjennom seinare reguleringsplan blitt redusert, noko som gir avgrensa med plass for våre operasjonar. Per i dag bruker vi alt av tilgjengeleg areal i Gunhildvågen og leier allereie så mykje lagerkapasitet som vi får tak i andre stader i Florø», skriv Cargill ifølge Firdaposten.

I høyringsuttalen fremgår det at Cargill får størstedelen av råmaterialet dei bruker inn sjøvegen. Det same gjeld for det aller meste av fôret dei leverer. Til saman utgjer dette om lag 700 båtanløp som leverer over 300.000 tonn råvarer, og tek med like mykje ferdigvare ut frå Gunhildvågen.

Det svarar til 24.000 lastebilar i året, eller 65 kvar einaste dag året rundt om ein reknar med at eit vogntog tek 25 tonn.

«Med ei utbygging på Måsholmen kan vi gå frå 95 prosent sjøbasert transport direkte inn til fabrikken til nærmare 100 prosent, med etterfølgande reduksjon i lokalt fotavtrykk», skriv selskapet.

Det som ikkje blir levert direkte på kjøl er for det meste råvarer som blir levert i container. Cargill står for mesteparten av den innkommande containertrafikken til Florø.

«Vi tok imot nesten 1000 containerar i 2022. I 2023 var det godt over 600. Med utgangspunkt i tal for fjoråret betyr dette opp til fem daglege containerleveransar. Kvar leveranse kan medføre opp til fire turar med lastebil gjennom sentrum, dersom henting av tomme containerane ikkje lar seg koordinere med leveranse av fulle», skriv Cargill.