Budsjettforlik mellom dei borgarlege partia i Stad kommune: Redusert formuesskatt frå 2023?

Nyheter
0

Framfor budsjettmøtet i Stad kommune fann dei fire borgarlege partia Venstre, Høgre, KrF og Framstegspartiet saman og laga eit felles budsjettframlegg. Dette kom til etter at AP nyleg braut samarbeidet med Venstre og Høgre. Budsjettet til dei fire borgarlege partia fekk fleirtal i kommunestyremøtet på Nordfjordeid torsdag kveld.

– Dette er eit svært næringsvenleg budsjett der ein sikrar at det ikkje vert eigedomsskatt på næringsbygg, samt «frys» skatten på private eigedomar på noverande nivå, uttaler FrP sin gruppeleiar Anfinn Sjåstad (FrP) i ei pressemelding.

Han legg til at næringslivet treng stabile rammevilkår, særleg i distrikta, der alternativ bruk av eigedomar kan vere vanskeleg å finne. Det er også ofte plasskrevjande verksemder som er plassert her, noko som gjev høge skattetakstar.

Eit anna viktig punkt i kommunebudsjettet er at ein skal utgreie ei halvering av formuesskatten i kommunen. Sjåstad sin partifelle Hogne Bleie uttaler at Stad er ein attraktiv kommune å bu i, og at med låg formuesskatt vil ein også kunne tiltrekke seg norske bedriftseigarar og samstundes få store ekstrainntekter til kommunen.

Bleie har alltid jobba hardt for å fjerne formuesskatt i sin heilskap. Han argumenterer med at denne fører til tapping av likviditet frå norske bedrifter og framskundar sal av norsk verksemd ut av landet. Utanlandske eigarar betaler som kjent ikkje formuesskatt av verdiar dei eig i Norge, medan norske eigarar må betale slik skatt sjølv om bedrifta taper pengar.

Bleie slår fast at norsk og lokalt eigarskap er av stor verdi for arbeidstakarar og lokalmiljøet, samt sikrar at overskotet vert værande i landet. Han legg til at så lenge denne distriktsfiendtlege skatten finast, ville være flott om den førde til tilflytting til vårt område og meir pengar i Stad sin kommunekasse. Det vert såleis enklare å oppretthalde gode kommunale tilbod og kanskje finansiere kommunen sine nysatsingar.

Kommunestyremedlem og lokallagsleiar for Per Tore Borgund (også FrP) legg til at han er glad for det gode samarbeidet som har oppstått mellom dei borgarlege partia, som det no er semje om at ein skjal bygge vidare på.

Møtet vart leia av nyvald ordførar Gunnar Silden (V), som overtok etter partifellen sin Alfred Bjørlo, som vart vald inn på Stortinget i haust.