Elin Tveit Sveen og Marø Hvbruk har aldri sett betre rekneskapstal enn i fjor, skriv Firda ifølge Vest24.
Omsetninga var på 83,1 millionar kroner. Før skatt sat selskapet att med ei overskot på 32 millionar kroner.
– Eg er godt nøgd, og det er to forklaringar på den gode omsetninga: Høge prisar i periodane då vi slakta fisken. Og at vi valde å slakte fleire hundre tonn fisk i desember, den fisken skulle etter planen slaktast i februar i år. Dette utgjer mellom 15 og 20 millionar i auka inntekter, seier Sveen.
Klar på at det ikkje berre påverkar omsetning i 2015, men også gir tapte inntekter fordi fisken ville vore større i februar.
– Vi valde å gjere det for å spare både miljø og fisk for ein omgang med avlusing, seier Sveen.
Ho legg ikkje skjul på at lus er ei av dei store utfordringane, og at selskapet har brukt store midlar på å redusere problema. Både Marø og E. Karstensen Fiskeoppdrett, som driv samdrift, brukte i fjor 6,2 millionar kroner på tiltak mot lus.