– Bruk utestemma!

Aps næringspolitiske talsperson, Per Vidar Kjølmoen, oppfordrar i eit innlegg i iLaks 10. oktober tillitsvalde i oppdrettsnæringa til å bruke «innestemme» i omtalen av Ap/Sp-regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Eg ser ingen grunn til at kyst-folk bør begrense seg til å bruke «innestemme» for å seie frå om alvoret i det statsbudsjettet som no er lagt fram, berre fordi det er mest behageleg for Kjølmoen og Ap. Dette handlar ikkje berre om grunnrenteskatten isolert sett. Det handlar om eit statsbudsjett med ein historisk stor skatteauke til næringslivet – nærare 50 milliardar kroner – som i særleg grad rammar dei store, grøne næringane langs kysten.

Regjeringa foreslår i tillegg til grunnrenteskatt å skjerpe formueskatten kraftig, samtidig som også utbytteskatten blir auka. Det betyr at eigarar av små og store lokalt eigde bedrifter langs kysten kjem i ein dobbelt – for ikkje å seie trippel – skvis. Ikke berre må dei betale både ny grunnrenteskatt og auka formuesskatt. Dei må også ta ut høgare utbytte for å dekke desse skatteaukene – og så på toppen betale endå meir skatt enn før på det utbyttet dei blir tvinga til å ta ut. Dette er pengar som skulle ha blitt brukt til investeringar i lokalt næringsliv langs heile kyst-Noreg – investeringar som det no ikkje blir noko av.

Les også: Hovedtillitsvalgte i SalMar og Mowi: – Skjæran må gå!

Denne realiteten vil ikkje Kjølmoen og Ap snakke om. Han framstiller det som om små og mellomstore kystbedrifter blir skjerma i budsjettforslaget regjeringa no har lagt fram. Det er ikkje sant. Heile kystnæringslivet – både store og små bedrifter – vil bli sterkt ramma av Ap/Sp-regjeringa si «skattebombe» av eit statsbudsjett – og kan bli endå hardare ramma når Ap og Sp no skal forhandle budsjett med SV.

Det er difor både bedriftseigarar og tillitsvalde i kystnæringane no reagerer så sterkt – saman med svært mange av Ap og Sp sine lokalpolitikarar. Heilskapen i dette er umulig for Venstre å akseptere – fordi det riv beina under havbruksnæringa og andre framtidsnæringar langs kysten. Ap/Sp-regjeringa skjermar offentleg sektor og lar næringslivet betale rekninga når økonomien skal strammast inn – det er distriktsfiendtleg og dårleg politikk.

Så ærleg talt: Er det ikkje tid for å bruke utestemme no, så er det det aldri. Så har sjølvsagt Kjølmoen rett i at debatten må skje i ein sakleg tone. Men det er ingen motsetning mellom å snakke høgt og å halde seg til saka – sjølv om det er aldri så ubehageleg for Kjølmoen og andre Ap- og Sp-politikarar på Stortinget.