Bremnes Seashore vann fram i klagesak om midlertidig redusert MTB

Nyheter
778

Mattilsynet snur etter klage.

Mattilsynet vedtok 6. mai i år midlertidig reduksjon av maksimalt tillaten biomasse ved lokaliteten Sølvøyane i Bømlo kommune. Bremnes Seashore klaga på vedtaket, og me har i dag fått medhald i klagen, skriv oppdrettselskapet i ei melding.

Hovudårsaka for Mattilsynet sitt vedtak om reduksjon var ei overskriding av lakselusgrensa fem gangar ein kort periode seinsommaren og hausten 2019. Det var på dette tidspunktet påvist gjellebetennelse på laksen, noko som gjorde at fisken hadde redusert toleevne for lusebehandling.

Etter ein gjennomgang av dokumenta i saka er Mattilsynet einig i at Bremnes Seashore gjorde det som var forsvarleg både for å koma under lusegrensa og samstundes ta vare på fisken sin velferd. Mattilsynet skriv vidare at dei er positive til vår tiltaksplan for framtidig drift ved lokaliteten og i området.

– Mattilsynet har behandla klagen grundig, og teke på alvor den utfordringa me var i. Eg er glad for at me har fått støtte for vurderingane me gjorde i ein vanskeleg situasjon, og at Mattilsynet ser positivt på tiltaka me har sett i verk for framtida, seier administrerande direktør Einar Eide.