Bremnes Seashore sender julelaksen i sirkulær EPS-fiskekasse

Nyheter
0

Bømlo-oppdrettar først i verda til å kommersielt ta i bruk emballasje av nytt råstoff.

I eit felles prosjekt har BASF, som råvareprodusent og -leverandør av EPS, Vartdal Plast, som konverterer EPS-perlene til fiskekasser og Bremnes Seashore som brukar kassene til transporten av ein del av deira laks, BÖMLO, frå og med jula 2021.

– EPSen er kjend og kjær, med særs gode eigenskapar for ei trygg kjølekjede. Ei trygg kjølekjede er viktig for matvaretryggleik og for å unngå matsvinn. For oss i Bremnes Seashore er det interessant å prøva eit alternativ der klima- og miljøavtrykket frå EPS vert monaleg redusert, og vi set alltid pris på slike sirkulærøkonomiske initiativ, seier Simon Nesse Økland, Utviklingssjef i Bremnes Seashore, i ei melding.

EPS (ekspandert polystyren, eller isopor på folkemunne) produserast normalt av fossile råvarer. Vartdal Plast har samarbeidd med råvareprodusenten BASF i 60 år, og har gjennom dette samarbeidet fått tilgang på råstoffet Ccycled, som er utleia av pyrolyseolje frå kjemisk resirkulert konsumentplast. Gjennom eit felles prosjekt mellom Vartdal Plast, BASF og Bremnes Seashore, er selskapet frå Bømlo det første i verda til å kommersielt ta i bruk fiskekasser laga av dette råstoffet.

– I 1965 laga vi verdas første fiskekasse av EPS, og det markerer derfor ei viktig utvikling i Vartdal Plast si historie at den første fiskekassa av resirkulert plast no blir rulla ut få fabrikken vår på Vartdal. Dette er endå eit prov på at vi ønskjer å vere leiande i utviklinga av nye og sirkulære løysingar, seier Jan Endre Vartdal, dagleg leiar i Vartdal Plast.

Bremnes Seashore vil i første omgang bruke råstoffet Ccycled til utvalde filetkasser til BÖMLO laksefiletar. 

Foto: Peter Tubaas, Vestland Media