Bjølve Bruk vil produsere 12 millionar berggylte i Ålvik

Nyheter
0

Bjølve Bruk søkjer om løyve til å etablera anlegg for produksjon av 12 millionar settefisk av berggylte per år, samla produsert biomasse 360 tonn settefisk og 10 tonn stamfisk i året.

Anlegget ligg like ved smelteverket Elkem Bjølvefossen i Ålvik ved Hardangerfjorden. Bjølve Bruk er 100 prosent eigd av Alsaker Fjordbruk.

Settefiskanlegget for laks og aure har vore gjennom ei ombygging dei seinare åra, kor ein tek i bruk sjøvatn. Dette har medført at ei avdeling no kan verta frigjort til berggylteproduksjon, fremgår det av søknaden som er sendt til Kvam herad kommune.

Denne avdelinga vert reinsa gjennom trommelfilter med sekundærsil med eige avlaup til sjø. Produksjonen av berggylta vil vera sjøvassbasert, og skje med varmeveksling, men det kan i heilt korte periodar vera aktuelt å tilføra noko ferskvatn i produksjonsvatnet for å styra salinitet/danne brakkvatn. Bruken vil skje innafor dei alt eksisterande 30 m3/min frå Bjølvo kraftverk sitt utløp, som med det utgjer ein vassressurs som har opphav frå eit allereie regulert og utbygd vassdrag der ein hentar ferskvatn i fjella ovanfor Ålvik.

Kart fra søknad