Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit resultat før skatt på kroner 649 millionar kroner i 2025.
“Myndighetene sitt nedtrekk hausten 2024 gav fult utslag i 2025, men god biologi med framleis låg dødlighet gjorde at produksjonen blei 37.600 tonn. Slaktevolumet var litt ned samanlikna med året før,” skriv Alsaker i ei pressemelding.
Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året 2.664 millionar kroner – noko som gir ein eigenkapitalandel på 59 prosent.
“Ved utgangen av 2025 var det 295 tilsette i Alsaker-konsernet. Konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen. Dyktige medarbeidarar er ein viktig suksessfaktor for Alsaker-konsernet.”
Alsaker er vertikalintegrert og dreiv i 2025 fire smoltanlegg, 24 matfiskkonsesjonar, slakteri, reinsefiskanlegg og eit havbrukssenter. Konsernet har også eigen brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Produksjonen i konsernet skjer i 14 kommunar: Alver (Meland), Bjørnafjorden (Fusa), Bømlo, Etne, Kvam, Kvinnherad, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Stavanger (Rennesøy), Sandnes, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.


