Betyr det noko kven som eig verksemdene?

Nyheter
629

Tenk dykk at ein ny trailer med laks blir lasta opp på kaia i Florø. På isoporkassane står stempla Mitsubishi og ikkje Svanøy Laks. Traileren har Schenker med store bokstavar på sida, og ikkje Nistad Transport. Oppgjer og finansiering går direkte gjennom Deutsche Bank og ikkje Sparebanken Sogn og Fjordane. Det er verken Norvell eller andre norske eksportfirma som er mellomledd, men japanarane sine eigne meklarar som har selt fisken. Det einaste «vi» har bidrege med er kystlinje og lokalitetar som gir unike oppvekstvilkår. Slett ikkje utenkjeleg om utviklinga held fram som no.

Oppdrettaren kunne like godt vore Steinvik Fiskefarm, Firda Seafood, Osland Havbruk eller Nordfjord Laks. Transportøren kunne vore Tenden Transport, Transferd, Slinde eller Sygna Transport. Salsselskapet kunne vore Coast Seafood, Seaborn eller Bravo Seafood. Alle lokale verksemder med lokalt eigarskap som er ein del av verdikjeda frå produsent til forbrukar. Verksemder som gjennom skatteinntekter og samfunnsengasjement bidreg til utviklinga i fylket og regionen. Eg kunne sjølvsagt nemnt mange andre bransjar og verksemder. Energibransjen, leverandørindustrien, fiskeriselskap, næringsmiddelindustrien og reiseliv for å ta nokre andre viktige næringar i fylket. Verksemder med eigarskap og hovudkontor som sit lokalt og bidreg til arbeidsplassar, verdiskaping og mangfald, men som i neste omgang kan vere ein del av eit internasjonalt selskap.

Både varer og kapital skal krysse grenser og marknadane skal vere opne. Proteksjonismen si tid bør vere forbi. Og som gode nordmenn og kvinner skal vi vere forsiktige med å kritisere utanlandsk eigarskap. I mange høve kan det også vere til det gode. Som «eigarar» i oljefondet som investerer globalt, sit vi også i glashus. Men for meg går det eit prinsipielt skilje når vi kjem til næringar som baserer seg på naturressursar som i utgangspunktet er allemannseige. Då tenkjer eg i fyrste rekkje på energisektoren (vatn og vind), fiskeri og oppdrett.

Vi har allereie offentleg eigarskap til energiselskapa i fylket. Eg håpar dei er i stand til å behalde og utvikle dette eigarskapet. For fiskerisektoren har vi ei 200 mils fiskerisone. Men når det gjeld oppdrettsareala har Norge ikkje nokon klar politikk med tanke på råderetten. Verdas største oppdrettselskap er Marine Harvest som i hovudsak er eigd av John Fredriksen. Den dagen prisen er rett er det ingen som kan hindre han i å selje. Då er det viktig at ein i alle fall har ei viss styring med dei areala selskapet rår over.

I fjor valte Cermaq å selje verdas største lakseforprodusent Ewos for 6,5 milliardar kroner til amerikanske Bain Capital og svenske Altor. No står morselskapet for tur. Med eit oljefond på 5500 milliardar er det ikkje eit argument at vi treng pengane. Oppdrettsnæringa var tenkt som ei ny distriktsnæring som ga arbeidsplassar og positive ringverknader. Etter mi meining er lokalt eigarskap viktig for at vi skal oppnå dette. Heldigvis har vi framleis mange oppdrettsselskap på lokale hender i Sogn og Fjordane. For at vi skal bevare og utvikle dette treng vi ein betre forvaltningsstrategi. Vi treng gode arealplanar og eit offentleg apparat som legg til rette for ekspansjon og utvikling på ein bærekraftig måte.

Til slutt vil eg slå eit slag for lokale eigarar og lokale «kapitalistar» uavhengig av bransje. Det betyr enormt for dette fylket at vi har verksemder av ein viss storleik med hovudkontorfunksjonar lokalt. Men også mindre verksemder er viktige. Eg skulle ønskje at vi i langt større grad sette pris på dette og var meir bevisste på å heie fram dei som satsar eigne pengar og eiga arbeidskraft på å starte, utvikle og drive eigne verksemder. Eg skulle ønskje meg fleire «kapitalistar» som såg moglegheitene og verdien i å ha eigarskap i verksemder. Eg skulle ønskje at vi alle kunne glede oss over dei som lykkast. Vi treng dei!