– Avvikande syn i miljøspørsmål verkar skinnheilage

Nyheter
477

Samstundes er det slik at selskapet lenge har synt lita forståing for dei demokratiske prinsippa i organisasjonen, og om ein ikkje klarar å forsone seg med fleirtalet sine vedtak, har ein vanskeleg for å passe inn i eit fellesskap, skriv Salmon Group på si Facebook-side.

Les også: – Norsk sjømatnæring er neppe tjent med at FHL ikke skal være en tung næringspolitisk aktør

FHL framstår framleis som ein sterk organisasjon. Sjølv om Marine Harvest er den største aktøren, er det framleis langt fram til at dei er større enn alle dei andre selskapa samla. Vi håpar no dei attverande medlemmane vil klare å bringe fram ein meir konstruktiv dialog enn det som har vore tilfelle dei siste åra, står det vidare.

Argumenta om avvikande syn i miljøspørsmål verkar skinnheilage, og som ein måte å rettferdiggjere dårleg samarbeidsevne. Det er ingenting som tyder på at Marine Harvest har nokon sterkare våpen mot lakselus enn dei resten av næringa satsar på.