Arrangerer lakse-teater på Bømlo

Nyheter
615

Går det an å laga teater av laks og livet på ein laksefilet- fabrikk? Dette var spørsmål manusforfattar og regissør Nina Sele spurde seg i forprosjektet «Lakselinja». 10. april er det premiere på stykket med same namn i Bømlo kulturhus, skriv Haugesunds Avis.

– Det har vore fabelaktige folk å jobba saman med. Eg trur ikkje Bømlo Teater har laga noko liknande før, seier Nina Sele.

Ho ha skrive manuset til stykket og vore regissør.

– I lakseindustrien er det typisk at folk er uniformerte. Dei som jobbar på filetlinja går i kvite kjeledressar. Dei verkar anonymiserte, og dei jobbar i ein støyande bedrift. Publikum får ta del i tankane til dei som arbeidar med laks.

I Nina Seles manus møter vi Randi (spela av Eirin Norvik), ein innflyttarjente. I stykket følgjer vi ho ei periode. Ho møter Sveinung (Christian Håvik), og vi får vera med på eit julebord. Dei 950 insoporkassene er brukt for alt dei er verd. Dei er lette og kan flyttast på.

– Eg vil nok seia at eg er inspirert av Jo Strømgren i å tenka teater. Stykket er veldig visuelt og fysisk. Aktørane er amatørar, både nye og gamle frå Bømlo Teater. Jane Vika og Frode Steinsland har lang teatererfaring, men vi har og nye folk. Dei som står bak koreografi, lyd, scenografi og musikk er profesjonelle, seier Sele.