André Mundal Haukås (H) blir den yngste ordføraren i Sveio kommune nokosinne. Det blei klart sist veke.
Det melder både Vestavind, lokalavisa i Sveio, og NRK.
Til NRK seier André Mundal Haukås (29) at det er fantastisk stas å få lov til å bli ordførar i Sveio.
– Det er jo den gjævaste rolla ein kan få som lokalpolitikar, og det set eg umåteleg stor pris på, seier han.
Haukås er oppvaksen i Sveio, og der har han budd heile livet.
– Eg brenn for at Sveio skal vera ein best mogeleg kommune for oss som bur her, og eg har eit engasjement for å få ting til, seier han.
André Mundal Haukås er i dag kvalitetskoordinator hos Alsaker Fjordbruk.