Alsaker tjente 1,2 milliarder kroner ifjor

Nyheter
0

Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit resultat før skatt på 1.223 millionar kroner i 2022. Med ein omsetnad på 2.969 millionar kroner gir dette ein resultatmargin på 41,2 prosent.

I 2022 produserte konsernet i overkant av 37.000 tonn laks, litt meir enn året før. Slaktevolumet auka også litt samanlikna med året før. Ved utgangen av 2022 var det 271 fast tilsette i Alsaker-konsernet. Konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen. Dyktige medarbeidarar er ein viktig suksess-faktor for Alsaker-konsernet, skriv selskapet i ei melding.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2022 fire smoltanlegg, 24 matfiskkonsesjonar, slakteri, reinsefiskanlegg og eit havbrukssenter. Konsernet har også eigen brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Gudmor Malene Kristine Alsaker gjør seg klar til å døpe «Kristoffer Tronds». Foto: Aslak Berge

Produksjonen i konsernet skjer i 14 kommunar: Alver (Meland), Bjørnafjorden (Fusa), Bømlo, Etne, Kvam, Kvinnherad, Sveio og Tysnes i Vestland, samt Haugesund (Røvær), Stavanger (Rennesøy), Sandnes, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året 1.977 millionar kroner – noko som gir ein eigenkapitalandel på 55 prosent.