Alsaker har kjøpt industrianlegget til Herde Kompositt

Nyheter
0

Oppdrettaren har betalt 17,4 millioner kroner.

– Me er veldig godt nøgd med at Gerhard Alsaker kjøpte heile industrianlegget her. Me ynskte oss ein lokal eigar, seier dagleg leiar i Herde, Kim Røssland, til Bladet Tysnes.

Det var i juni i fjor Gerhard Alsaker sitt heileigde selskap Fjordbruk Invest 6 kjøpte industrieigedomen i Ølve i Sunnhordland. Eigedomen blei fyrst selt frå det austerrikske firmaet Palfinger, til Herde, og deretter selt frå Herde til Fjordbruk Invest 6.

Palfinger var både eigar av anlegget i Ølve og stod for drifta av fabrikken i fleire år. Då dei bestemte seg for å redusera produksjonen på fabrikken i 2021, valde dei fire i administrasjonen med lang fartstid ved fabrikken, Kim Røssland, Kristine Biset, Svenn Idar Nordtveit og Arvid Skogseide å etablera Herde Kompositt. Målet var å vidareføra fabrikken.

Herde Kompositt tapte 7,1 og 4,8 millioner kroner før skatt i 2021 og 2022.

Selskapet bak det flytande, lukka oppdrettsanlegget «Egget», Ovum, avtalte i august å overta driftselskapet til Herde Kompositt. Driftselskapet betaler no husleige til Alsaker-konsernet.

Piloten av «Egget» under produksjon. Foto: Herde kompositt