Akvahub er konkurs: – Med tungt hjarte

Nyheter
0

Utfordrande tider med redusert aktivitetsnivå tyngde ned forskings- og utviklingsavdelinga.

– Det er med tungt hjarte vi må informere om at Akvahub no avsluttar si verksemd, skriv dagleg leiar Trygve Hallberg på Akvahub si Facebook-side.

Meldinga blei lagt ut torsdag, etter det Hallberg beskriv som «ei utfordrande tid med redusert aktivitetsnivå», som har ført til at vidare drift ikkje lenger er mogleg. Selskapet vart meld konkurs 6. november.

Akvahub er ei felles forskings- og utviklingsavdeling for verksemder med tilknyting til havbruksnæringa, med hovudkontor i Leirvik i Sogn og Fjordane. Selskapet har eksistert sidan 2016, og hadde aktørar som Bue Salmon og Sulefisk på eigarsida.

I 2023 hadde Akvahub inntekter på 1,5 millionar kroner og eit nettoresultat på i overkant av -1 million kroner. Selskapet sin eigenkapital var ved årsskiftet snaut 400.000 kroner.

No er det altså slutt.

– Vi ønskjer å rette ei oppriktig takk til alle som har samarbeidd med oss gjennom åra. Kvart prosjekt og kvar relasjon har vore verdifull, og vi er takksame for den tilliten vi har fått. Havbruksnæringa er, og vil halde fram med å vere, ei viktig næring for regionen vår. Vi håpar at dei satsingane, erfaringane og relasjonane som er bygde opp, kan komme til nytte i den vidare utviklinga av næringa i åra som kjem, skriv Hallberg.