Selstad jaktar fleire nye tilsette.
Måløy-verksemda har levert rekordomsetnad i seks strake år og 2018 vert det sjuande i rekka. Ifølgje Hans Petter Selstad ligg omsetnaden i år til å auke med over 20 prosent frå fjoråret.
– I løpet av siste fem åra har vi dobla omsetnaden. Det er klart at med dobla aktivitet treng vi fleire medarbeidarar, det er grunnen til at vi har tilsett 12 nye i år og jobbar med å tilsette ytterlegare seks i starten av 2019, sier han til Fjordenes Tidende.
Selstad har levert overskot før skatt på over 20 millionar kvar av dei to siste åra.
– Havbruksnæringa med oppdrett er ein drivar i utviklinga med auka aktivitet. Men vi ser at vi også har ein ganske kraftig auke på fiskeri. Vi har god utvikling i begge hovudmarknadene våre. Det er jamt bra, sjømat har vore ein sterk marknad siste åra, og når bransjen går godt går det også godt for oss sidan aktørane nyttar gode tider til å fornye seg.
Selstad har til saman 160 tilsette der om lag halvparten jobbar i Vågsøy – enten ved hovudkontoret i Måløy eller ved servicestasjonen for oppdrettsutstyr på Trollebø.