Registrering av legemiddel – ikkje lett, men heller ikkje umogeleg

Meninger
1907

VESO Vikan gjennomfører rundt 150 forsøk med fisk kvart år. Forsøka blir i hovudsak gjort for å vurdere effekt og biverknad av legemiddel og vaksinar til bruk i oppdrettsnæringa. Fleire av produkta er allereie registrerte og i bruk, og mange er under uttesting for å skaffe dokumentasjon som skal inngå i ein søknad til Statens legemiddelverk om marknadsføringsløyve.

Dokumentasjonskrava kan framstå som overveldande. Ikkje berre skal effekten verte dokumentert; produktet skal også vere trygt for fisken, trygt for miljøet, og ikkje minst trygt for dei som til slutt skal ete fisken.

Dei siste åra har vi hatt ein auke i førespurnadar om utprøving av nye legemiddel, spesielt mot lakeslus. Vi blir kontakta av både store, internasjonalt etablerte firma og små gründerselskap. Førstnemnde har ofte regulatorisk kompetanse medan den andre kundegruppa ikkje har tilgang til dei same ressursane. Dei har gjerne gjort innleiande forsøk i samarbeid med ein oppdrettar eller i små våtlabbar der det er tilgang til kar og fisk. Med få midlar og enorm eigeninnsats har nye konsept blitt testa ut, og alle observasjonar flittig noterte.

Når ein gjennomfører forsøk der resultata skal inngå i ein registreringsprosess, er det viktig å inkludere kontrollgrupper, forsøka må omfatte nok fisk, forsøksfisken må i utgangspunktet vere ubehandla og sjukdomsfri, temperatur, salinitet og vassgjennomstrøyming må vere standardisert, og bruken av forsøksfisk må vere godkjend av Mattilsynet – for å nemne noko. Dersom dette ikkje er på plass, vil forsøka ikkje vere reproduserbare, og verdien av innsamla data vil avgrense seg til å gi eit utgangspunkt for å gjenta forsøka. Dette kan kome som ei overrasking, og er ein trasig situasjon å hamne i for ein ny aktør som ønskjer å registrere eit nytt produkt.

Registrering av legemiddel kan framstå som ein uoverkomeleg prosess. Det er fleire regelverk å ta omsyn til, både for dei innleiande effekt- og sikkerheitsstudiane og den kliniske utprøvinga i felt. Vi ser at det vert gjort mykje interessant FoU-arbeid, og ønskjer å kome med ei oppmoding om å ta kontakt med samarbeidspartnarar med regulatorisk kompetanse tidleg i prosessen. Då vert vegen mot marknadsføringsløyve litt mindre kronglete.