Han er einig med Kristin Sæther i Akvaplan Niva i at myndigheitene bør etablere akseptkriterier havbruksnæringa.
På EWOS sitt Nyttårsmøte i Tromsø hadde Jonassen fått i oppdrag å snakke om ei næring i endring. Det handla mellom anna om å vere framoverlent og tenke nytt og berekraftig.
– Vi jobbar med smoltkvalitet, nye råvarer i fôret, vaksine, førebyggande med fiskehelse og korleis vi skal overvake fisken. Dette brukar vi mykje ressursar på, og det har gjeve oss lågare dødelegheit, men dersom havbruksnæringa skal overta etter oljen må vi få til ein berekraftig vekst, seier Johanssen.
Han viser mellom anna til ei uttaling frå statsminister Erna Solberg der ho snakkar om havbruksnæringa og framtida. Ho har i fylgje Johansson uttrykt at norsk laks er Noregs IKEA, og det er laksen næringa landet skal leve av etter oljen.
– Eg trur ikkje at politiske myndigheiter ønskjer å stoppe utviklinga i næringa, men eg syns det er eit lite paradoks at oljenæringa får tildelt nye leitelisensar, medan oppdrettsnæringa ikkje får vekse før ein har dokumentert at ein er berekraftig.
På Sjømat Norge/Havbruk Nord sitt årsmøte i Tromsø i går sa Kristin Sæther i Akvaplan Niva at myndigheitene bør etablere akseptkriterier for utslepp frå havbruksproduksjon, og Jonassen er heilt einig.
– Eg trur akseptkriterier for utslepp ville gjere det enklare å vite kva vi har å halde oss til, seier Johanssen til iLaks.