Ho snakka til deltakarane på Havbruk Nord sitt årsmøte i Tromsø torsdag.
Det blir stadig sett fram påstandar om i kva grad havbruksnæringa sin bruk av lusemiddel har negativ innverknad på reker, hummar og andre artar som lever i havmiljøet. Så langt er det gjennomført få omfattande undersøkingar som viser korleis desse midla påverkar, men Akvaplan Niva har nyleg gjennomført ei litteraturstudie for å sjå kva som finst av kunnskap på området.
I utgangspunktet er dei virkestoffa som blir brukt i lusemiddel også brukt i ulike typar plantevernmiddel og insektmiddel. Dette er også bakgrunnen for at dei blir prøvd ut i middel mot lakselus.
– Det meste av kunnskapane vi har frå før, er frå landjorda og fersk vatn, og vi veit at dei kan påverke miljøet, men vi har mindre kunnskapar om påverknaden i saltvatn, seier Sæther i sitt føredrag.
Kunnskapen om korleis stoffa påverkar marine artar er i hovudsak henta frå laboratorieforsøk, og det ein kan sei med sikkerheit er at skadelegheit er avhengig av mengde og konsentrasjon. Ein veit litt om dødelegheit, men mindre om langsiktig påverknad på bestandane.
Ingen registreringar av skadeleg påverknad
I arbeidet med litteraturanalysen har Akvaplan Niva mellom anna funne ei større skots undersøking der bruk av lusemiddel og påverknad på plankton, bentos og krepsdyr vart undersøkt. Utvikling for dei ulike bestandane vart sjekka, men sjølv om denne undersøkinga gjekk over fleire år, klarde dei ikkje å registrere skadeleg påverknad etter bruk av lusemiddel.
– Utfordringa med forskinga er at ein treng svært omfattande og langvarige undersøkingar med referansestasjonar, for å kunne sei noko sikkert om påverknaden. Nifes tek prøvar av fisk og skaldyr for å undersøke om det kan vere farleg for oss menneske å ete dei, men om det er farleg for enkeltindivida av ein art, eller for bestandane, er det ingen som så langt har klart å påvise, seier Sæther til forsamlinga.
Vi treng akseptkriteria
Sæther kan ikkje sjå at det er forskarane si rolle å avgjere om eit lusemiddel skal kunne brukast eller ikkje. Det er «samfunnet», eller politikarane som må bestemme kva som er akseptabelt.
– I nokre samanhengar snakkar vi om akseptkriteria. Oljenæringa har slept ut kjemikaliar i lang tid, og sjølv om vi veit at det kan ha negativ innverknad på naturen, har vi akseptert ei viss mengde utslepp. Alternativet kunne bli stopp i oljeproduksjonen.
Når det gjeld fiskeri- og havbruksnæringa er det lite som skal til for å få feite overskrifter i media. Ein kan gjerne lese overskrifter som seier, «oppdrett påverkar krabben» , og det kan vere heilt rett, men betyr det at vi ikkje skal drive med oppdrett av den grunn, spør Sæther.
Det trengs heile tida meir kunnskap, men på eit tidspunkt må myndigheitene sei kva som faktisk er akseptabelt.
– All næringsverksemd påverkar på ein eller anna måte, men politikarane må etablere kriteria for kor store fotavtrykk som er akseptable, seier Sæther til havbruksfolket som er samla i Tromsø i dag.