Nytt pilotanlegg for algedyrking på Mongstad

Nyheter
692

I dag blir fiskeolje brukt som omega-3-kjelde i fiskefôr, men ressursane er knappe, og behovet for nye omega-3-kjelder er stort. Dersom ein kan bruke mikroalgar, som er lenger nede i næringskjeden, vil det gi ein langt meir bêrekraftig ressurbruk enn i dag.

I pilotanlegget vil ein utnytte fotosyntesen, kombinasjonen av næringsstoff, vatn, CO2 og sollys, til å produsere algane.

Omega-3-rike
Til no har dyrking av lovande algestammar blitt prøvd ut i et laboratorieanlegg på Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Heretter kan produksjonen av desse skje i eit større anlegg, slik at næringa får testa ut bruken av omega-3-rike algar i fiskefôr i industriell skala.

– Pilotanlegget gir grunnlag for å utvikle meir kunnskap om heile verdikjeden, frå val av rett type mikroalge fram til produksjon av omega-3-fettsyrer, seier Hans Kleivdal, førsteamanuensis II ved Universitetet i Bergen og fagleg ansvarleg for prosjektet.

Mongstad
Anlegget er plassert like ved Teknologisenter Mongstad (TCM), og får levert CO2 der ifrå. Teknologisenteret er bygd for å kunne fange 100 000 tonn CO2 i året. Fram til no har gassen blitt slept ut til luft. No vil delar av den komme til nytte i produksjonen av mikroalgar.

Etablering av anlegget er eit resultat av et samarbeid mellom forskningsmiljø og næring. Selskapet CO2Bio vil stå for drift av anlegget i samarbeid med UiB. CO2Bio er eigd av Marine Harvest, Lerøy Seafood, EWOS, Salmon Group, Grieg Seafood, Uni Research, Bergen Teknologioverføring og Nordhordland Næringslag. Universitetet i Bergen er byggherre for anlegget, og har også det faglege ansvaret.

Totalbudsjettet for bygget er på rundt 18 millionar kroner. UiB bidrar med 6 millionar kroner, medan 6 millionar er bevilga over statsbudsjettet. I tillegg bidrar havbruksnæringa med 3 millionar, Hordaland fylkeskommune med 2 millionar og regionskommunane med 1 million. Sparebanken Vest har gitt 500 000 kroner og Lindås kommune 400 000 kroner til utstyr i anlegget.