Bakke i gang med nytt smoltselskap

Nyheter
951

Planen er å nytte kring 50 liter vatn/minutt frå Ryland Vassverk til produksjonen, skriv Firdaposten.

No har dei fått konsesjonspapira i orden.

– Med ny resirkulasjonsteknologi kunne vi i prinsippet greidd oss utan avløp til sjø, men det vart uansett stilt krav til å ha det. No er dette løyvet på plass og vi har starta på jobben med å skaffe meir kapital til satsinga. Vi håpar å kunne starte byggearbeidet i januar. Planen er å kunne produsere 2,5 millionar laksesmolt på 1 kilo storleik. Går vi for 500 grams så kan vi doble talet på fisk, seier Petter Bakke til Firdaposten.

Saman med Aller Aqua driv dei også eit lakseanlegg i Vadheim for å forske på problemstillingar kring lakselus. På denne lokaliteten dreiv Ole Bakke tidlegare eit torskeoppdrettsanlegg via selskapet Seamatech.