Optimar Stette, som har utvikla eit system med å bruke supplyskip til avlusing, vedgår at der er utfordringar knytt til fiskevelferda.
Les også: Lanserer kjemikaliefri lakselusteknologi basert på temperert vann
– Vi jobbar med dette heile tida, og har allereie betra systemet fleire gongar, seier Frode Kjølås i Optimar Stette til NRK Møre og Romsdal.
Svake punkt
Han opplyser at systemet er svært effektivt mot avlusing, men vedgår altså at der er nokre svake punkt i forhold til fiskevelferda som dei no jobbar med. Dette vil dei legge fram ein rapport om seinare i sommar.
– Når dei har løyst desse utfordringane kan dette vere ein viktig bidragsytar til å få lusetala ned, seier distriktssjef Kristin Ness i Mattilsynet.
– Ikkje noko tilseier at dette ikkje skal bli den store løysinga, men førebels er utfordringa å unngå at fisk døyr eller blir skadd under behandlinga.
Alternativ
Mattilsynet håper at næringa kjem fram til ei løysing på dei utfordringane som står igjen, og synest det er positivt at det blir jobba med alternativ til medikamentell behandling av lakselusa.
– Utstyret dei no har kome fram til kan godt vere løysinga, men det treng ei tilpassing, slik at ikkje fisk døyr under behandlinga, seier Ness.