Direktorat og fylkeskommune, forvaltning av akvakultur

Meninger
915

Fylkeskommunen forvaltar akvakulturinteresser av ein grunn, for å utvikle Hordaland. I å utvikle legg vi berekraft som ei premiss, og at det skal vere rom for verdiskaping. Dette samfunnsoppdraget er basert på lokaldemokrati og inngåande kunnskap om medverking frå andre forvaltningsnivå og dei ulike regionale og statlege fagetatane. Ikkje minst vektlegg vi brukarperspektivet. I det ligg at vi skal være effektive og kunnskapsbaserte i kontakt med næringslivet, organisasjonar eller andre forvaltarar.

Fylkeskommunen registrerer både gjennom det aktuelle innlegget frå Fiskeridirektøren i iLaks.no 20.05.2016, og via andre kjelder, at det pågår ein «kamp» om å forvalte akvakulturløyve. Fylkeskommunen har kanskje ikkje i tilstrekkeleg grad synleggjort gevinstane ved folkevalt regional forvaltning, og heller ikkje gjort sine «hoser grøne» i sentrale offentlege organ. For å balansere og for å tilføre kunnskap ynskjer vi difor å introdusere eit noko breiare og meir samfunnsretta perspektiv.

Fylkeskommunen er budd på å forvalte for framtida. Vi ynskjer å ta ut gevinstar, effektivitets- og synergigevinstar, ved å både være eit regionalt folkevalt organ, og ved at vi stør opp under havbruksforvaltninga med verktøy frå våre andre forvaltningsområde.

Bård Sandal. Hordaland Fylkeskommune

Fylkeskommunen forvaltar aldri ut frå ei sektorinteresse isolert, eller kortsiktig. Næringa vil alltid møte nye utfordringar og nye forvaltningsregler. Vi tilfører meirverdi ved å sjå interesser i samanheng og ved å bygge system som ut frå vårt syn best handterer dynamikken i næringa og i samfunnet. I dag er gjerne lakselus største utfordringa, ved neste korsvei kjem det nye utfordringar som til dømes rekruttering, fôrtilgang, vegkapasitet eller arealtilgang. Ved neste korsveg må ein og vere budd på nye forskrifter og retningsliner som omhandlar både meir, og andre tema, enn dei soneforskriftene som no er på trappene for å om mogleg redusere lakselusproblemet. Det er viktig at ein ikkje endrar forvaltningsregime for kvar ny forskrift eller problemstilling som måtte dukke opp. Vi trur næringa etterspør føreseielege system som ikkje flyttar forvaltningsmynde med få års mellomrom.

Ansvar hos fylkeskommunen gjer koordineringsgevinst
Det er viktig å peike på at fylkeskommunen har forvaltning og ansvarsområde innan; lokalsamfunnsutvikling, kystsone- og annan planlegging etter plan- og bygningslova, regionale forskingsfond, mobilisering til næringsretta forsking, store søkbare midlar for innovasjon i næringa, vidaregåande opplæring, fagopplæring innan akvakultur, samferdsel med fleire. Alle desse er særs relevante og stør opp under akvakulturutviklinga slik formålet i Akvakulturlova klart slår fast «Lova skal fremje akvakulturnæringa si lønnsemd og konkurransekraft innanfor rammene av ein bærekraftig utvikling, og bidra til verdiskaping på kysten.» .

Fylkeskommunane har erkjent at det er ei utfordring å koordinere forvaltninga på tvers av fleire fylke. På eine sida er det lovfesta og grunnleggjande viktig at alle har krav på likebehandling og at einskildsaker ofte skaper presedens. Samstundes er Noreg er eit langstrakt land med diverse naturtilhøve og geografisk regionale utfordringar. Med andre ord vil heilt lik sakshandsaming i ulike regioner gje ulik effekt.  Samstundes er det viktig at fylkeskommunane samhandlar betre for å lære av kvarandre, for å lære av dei regionale og statlege fagetatane, og for å sikre lik praksis i dei tilfella det er samanliknbare problemstillingar. Fylkeskommunar med akvakulturforvaltning har difor etablert eit formelt organ, «FAKS», for å betre slik samhandling nasjonalt. I det vidare er det også viktig at fylkeskommunane styrker forvaltningsforskinga innan akvakultur. Til no har forskingsbestillingane til Havforskingsinstituttet og systemutviklingsdelen for kart og søknadsskjema gått via Fiskeridirektoratet, på tross av at forvaltningsoppgåva ligg i fylkeskommunen. Her er det rasjonaliserings- og kvalitativt forbetringspotensiale i tettare samhandling og utvikling av bestillarrolla til «FAKS». Det er viktig å erkjenne at sakshandsaming etter Akvakulturlova med forskrifter primært er detaljert regelstyrt og at naturfagleg og juridisk kompetanse er sentralt.

I dag er det feil å hevde at berre kommunane har rett til å planleggje sjøområda. Fylka har heimel til å lage juridisk bindande arealplaner med plankart, vidare til å bidra i regionale interkommunale planar og til å gje føringar i kommunale planprosessar. Fylka har motsegnskompetanse til kommunale planer for akvakulturinteressene. Utfordringar knytt til ulik lokal planlegging vil med desse verktøya på sikt kunne bidra til større lokal harmonisering og effektivisering basert på tett dialog med kommunane. Likevel vil det kunne være ei rekkje både naturgitte og sosioøkonomiske grunnar til at ikkje kommunar i alle tilfelle ynskjer store standardiserte anlegg, og at denne utviklinga ikkje berre skal være sentralt og teknokratisk styrt.

Havbruksforvaltninga er komplisert, og det er utfordrande å leggje til rette for ei næring i vekst som også skal ha eit akseptabelt miljømessig fotavtrykk. Eit komplisert forvaltningsregime i eit komplisert samfunnsbilde har like vel vore bakgrunnen for at Noreg har lukkast som verdas største lakseproduserande nasjon. Det er gledelig at effektiviteten innan akvakulturforvaltninga, målt i sakshandsamingstid, like vel har betra seg dei siste åra. I motsetning til det som vert hevda i ulike fora har Fylkeskommunen si forvaltning ikkje blitt eit ressurskrevjande samordningstiltak med større bruk av offentlige midlar enn nødvendig, tvert i mot. Fylkeskommunane kan ikkje ta æra for det åleine. Det gode arbeidet Fiskeridirektoratet og departementet gjorde ved å forskriftsfeste sakshandsamingstid for dei ulike partane som skal gje uttale til søknadene var eit avgjerande bidrag. Sakshandsamingstida for «kurante» saker er no på linje med resultata ein oppnådde i forsøksprosjektet «HASUT» frå  Trøndelag frå 2002 då Fiskeridirektoratet fekk vedtakskompetanse etter «Fiskehelselova, Forurensingslova og Hamne og farvannslova» i tillegg til dei oppgåvene som ligg til fylkeskommunane i dag. Målet i prosjektet var at oppdrettarane skulle møte «ein stat» og sterk misnøye mot uakseptabel sakshandsaming på 2 til 5 år.

Det har med andre ord vore ei gledeleg effektivisering av den regionale sakshandsaminga. Likevel kan det være gevinstar ved samordning og rasjonalisering på kontroll sida.

God forvaltingsskikk å skille tildeling og klager
God forvaltningspraksis kan vere å skilje dei organa som tildeler «eit gode» og dei som tek i mot klage på tildelinga og drifta av same «godet». Det er fordeler knytt til at denne delte praksisen vert vidareført.

Innan akvakultur er kontrollfunksjonane fragmentert og spreidd på minst tre organ, Fylkesmannen, Fiskeridirektoratet og Mattilsynet. I tillegg vert det faglige biologiske perspektivet ivaretatt av mellom andre Havforskingsinstituttet og andre kunnskapsmiljø. Det kan hentast ut rasjonaliseringsgevinstar ved at disse funksjonane vert samla eller meir koordinert. Fylkesmannen er i utgangspunktet generell klagemyndighet for enkeltvedtak etter særlovgiving og har viktige funksjonar som rettssikkerheitsinstans overfor innbyggjarane og næringslivet i høve til dei vedtak som vert gjort.

For Hordaland fylkeskommune handlar difor ikkje forvaltning av akvakultur primært om biologi, miljø eller økonomisk vekst. For oss handlar denne oppgåva om å utvikle fylket på ein mest mulig bærekraftig måte. Det er her vi har potensiale for å ta ut reelle synergiar og samfunnsgevinstar.
Det er i ein folkevalt samanheng regional bærekraftig forvaltning av akvakultur hører heime. I ein region som kjenner kommunane. Det er i ein ansvarlig politisk samanheng ein kan få satt akseptable regionale grenser både for vekst og vern. Å sette grenser for menneskelig påverknad av natur er ei grunnleggjande politisk oppgåve. At avgjerd skal være basert på eit solid naturfagleg avgjerdssytøttesystem er ei sjølvfølge. Det er folkevalte organ som kan ta ansvar for vedtak. På regionnivå bør dette folkevalte organet være fylkeskommunen.

Vidare framover kan de skje endringar for fylka som inneberer samanslåing mot større slagkraftige regionar. I eit slikt scenario er det viktig å tenke at dei nye regionane ikkje berre har ansvar for den klart regelstyrte akvakultur tildelinga som i dag, men og får utvida  mynde som inkluderer dei større politiske tema knytt til vekst og vern. Døme på dette er meir inngrep i utarbeiding av dei nasjonale tildelingsforskriftene og utarbeiding av Vestlandsstrategiar og arealplanar for akvakultur for å sikre dei bioøkonomiske næringsmåla.

I Hordaland har vi eit godt tilhøve til Fiskeridirektoratet og dei andre statlege organa. Vi vonar dette gode samarbeidet kan utviklast vidare for størst mogleg samfunnsgevinst uavhengig av «omkamp» om forvaltningsoppgåver.