Vil doble produksjonen i Rogaland

Nyheter
676

– For laks går det fint an å doble produksjonen i Rogaland, berekraftig, seier Erlend Sødal til NRK Rogaland.

Han er administrerande direktør i Skretting, verdas største produsent av fiskefôr, og held til i Hillevåg i oljebyen Stavanger. Her meiner dei at det ligg eit stort potensial for meir havbruk i Rogaland.

– På lang sikt kan laks bli den nye olja, seier Sødal.

– Det er ei veksande og god næring, som kan bli eit stort nytt eventyr, seier fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal (KrF).

Fredag var ho og fleire av ordførarane frå kystkommunane i Rogaland samla hos Skretting. Det var fylkeskommunen som hadde teke initiativet til møtet, og målet var å gi kommunane eit større innblikk i kva moglegheiter som finst innanfor havbruksnæringa.

– Eg opplev at næringa og bransjen ser at det er eit stort potensial i Rogaland for å veksa. Så no trur eg det er litt opp til kommunane, at dei raskt kan få avklart kva område ein kan leggja til rette for oppdrett, seier Ege Tengesdal.

Og dersom kommunane ynskjer å opna for meir oppdrett, vil fylket spela på lag ved å opne nye areal for havnæringa, seier Tengesdal.

– Me er alltid positive til å leggja rette for næringsutvikling, og havbruk er veldig viktig for oss i denne samanhengen. Så me skal i alle fall bidra det me kan for å vera ein pådrivar.