Tirsdag var over hundre personar i havbruksnæringa samla på Gardermoen for å ta ein status i arbeidet som så langt er gjort for å løyse problema med lakselus. Deltakarane på seminaret fekk presentert kor langt ein er komen med utvikling av ulike metodar, og kva som faktisk verkar.
God effekt av avl og spesialfôr
Det har vore mykje snakk om avl som tiltak for å gjere laksen meir motstandsdyktig mot lusepåslag, og dei to største avlsselskapa viser til at dette gjev svært god effekt på lusenivået. Noko som igjen gjev redusert behov for bruk av legemidlar.
Eit anna tiltak for å hindre påslag av lakselus på oppdrettslaksen er utvikling av fôr som styrkar slimlaget til laksen slik er mindre interessant for lusa. Saman med avl vil dette vere eit optimalt utgangspunkt for vidare kontroll med lusesituasjonen.
Mekaniske hinder med dokumentasjon
Mekaniske hinder, eksempelvis luseskjørt, gjev også god effekt, og det er no snart tatt i bruk på kvar fjerde merd med fisk i sjøen. Med dei dokumenterte effektane dette har for å hindre påslag, vil det i fylgje Rykhus få stor innverknad på behovet for å bruke legemidlar.
Mekanisk fjerning med god kapasitet
Mekanisk avlusing er ikkje ein ny metode i arbeidet mot lakselus, men mange års arbeid med teknologiutvikling har gjeve positive resultat, både når det gjeld kapasitet, og med tanke på redusert dødelegheit. Eit par av metodane som var presentert på seminaret kan vise til så gode resultat at Rykhus meina at den faktisk kan vere med å redusere legemiddelbruken i 2017, eller kanskje alt i 2016.
Nokre av dei som produsera mekanisk avlusingsutstyr har så mange bestillingar at dei ikkje klarer å produsere utstyret raskt nok.
Må finne dei lokale utfordringane
Oppdrettarane bør no jobbe for å finne fram til kombinasjonen av alternative tiltak som er tilpassa lokale utfordringar.
– Når det er gjort må ein optimalisere metodane og hente ut kapasiteten, seier Rykhus til iLaks. Det handlar om å kjenne begrensningane til dei ulike tiltaka slik at ein veit kva tid ein må inn med ekstra kapasitet.
Til slutt framheva han at dyre velferd har fokus i alt dette arbeidet, og alle ikkje-medikamentelle tiltak som inneber at ein slepp å handtere fisken er positivt for velferda. Men dei som produsera utstyr for fysisk fjerning av lusa er også komen svært langt i arbeidet med å redusere dødelegheit, og ein av metodane kan skilte med at det berre er snakk om promille.