Ny regionstruktur i Fiskeridirektoratet

Nyheter
494

Region Finnmark og region Troms blir frå nyttår samla til region Nord med leiinga i Tromsø. Region Trøndelag og region Møre og Romsdal blir region Midt med leiinga i Ålesund.

Færre kontor
I forhandlingar med tenestemannsorganisasjonane blei det bestemt kor Fiskeridirektoratet skal ha kontorstader i den nye regionstrukturen. Fiskeridirektoratet vil i framtida vere representert på desse stadene langs kysten:

region Nord: Tromsø, Finnsnes, Vadsø, Båtsfjord, Honningsvåg og Hammerfest
region Nordland; Bodø, Sortland, Leknes, Svolvær, Sandnessjøen
region Midt: Ålesund, Trondheim, Rørvik, Kristiansund
region vest: Måløy, Bergen
region Sør: Egersund, Kopervik, Fredrikstad

Desse kontora blir lagt ned i løpet av 2016:

Vardø, Kjøllefjord, Havøysund og Skjervøy (region Nord)
Brønnøysund (region Nordland)
Sistranda, Fosnavåg (region Midt)
Kristiansand (region Sør)
I Vardø har Fiskeridirektoratet to tilsette i ei felles analyseeining med Kystverket, lokalisert på trafikkstasjonen i Vardø.

Kontoret i Svolvær blir utfasa over tid slik at det i framtida skal vere eitt kontor i Lofoten.

Oppgåvefordeling i to fasar
Samstundes som Fiskeridirektoratet framstår i litt endra drakt ved årsskiftet, skal arbeidsoppgåver som i dag blir utført ved hovudkontoret i Bergen overførast til regionane. Overføring av oppgåver skal skje i to fasar. Dei oppgåvene som ikkje krev særskilt kompetanseoverføring eller kompetansebygging i regionane, vil bli overført først. Deretter vil oppgåver som krev særskilt kompetanse eller opplæring, bli overført i ein fase to.

– Utgangspunktet er at all førsteinstans sakshandsaming og operativt kontroll- og tilsynsarbeid skal skje i regionane. Det skal bli ei tydelegare ansvarsdeling mellom Fiskeridirektoratet sitt hovudkontor og regionane. Dette skal gjere at vi får utnytta ressursane våre meir optimalt og såleis blir meir effektive, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.