– Vi har no eit spesielt fokus på Søraust-Asia og Midtausten. Vi har etablert oss med eit selskap i Dubai, og held no på å byggje oss opp der nede, seier administrerande direktør Sverre Søraa til NRK Sogn og Fjordane.
Coast Seafood omsette i 2014 for 3,063 milliardar kroner. Det gav eit årsresultatet på 38,2 millionar, ned frå 53,8 millionar året før.
– Vi er veldig nøgde med konsernet si omsetning for fjoråret. Vi noterer ein ny topp for Coast Seafood, seier Søraa.
Coast Seafood måtte i fjor finne nye marknadar for om lag 300 millionar – nesten over natta, då Russland stengde grensene for norsk laks. Her ligg ein del av forklaringa til nedgangen i driftsresultatet.
– Vi lukkast med å finne nye marknadar, og ser no at etterspurnaden tek seg opp på stadig nye stadar, som følgje av at vi har fokus på det.
No er den Måløy-baserte eksportverksemda i full gang med å jobbe seg inn i Søraust-Asia og Midtausten. Dei har allereie etablert seg med eit selskap i Dubai.
– I Midtausten er det mange nye og spennande segment vi kan jobbe i, og som har kjøpt forholdsvis lite laks dei siste åra. Men det betyr at potensialet er desto større, seier Søraa.
Coast Seafood vart skipa i 1994 med hovudkontor i Måløy. I løpet av 20 år har selskapet bygt seg opp til eitt av dei store norske selskapa for eksport av oppdrettslaks og aure, men driv også eksport av sild, makrell og kvitfisk.