Går fra olje til laks

Nyheter
426

Han har jobba i oljebransjen i over ti år, med fokus på tryggleik.

Etter det kraftige fallet i oljeprisen, valde North Energy å flytte hovudkontoret til Tromsø for å spare kostnader. Det innebar å legge ned det tidlegare hovudkontoret i Alta, som Berg har hatt som arbeidsplass dei siste fire åra, melder NRK Finnmark.

Han fekk då valet mellom å flytte eller å seie opp jobben som HMS-ansvarleg.

– Då eg fekk sjansen til å unngå å flytte, med jobbtilbod i oppdrettsbransjen, valde eg å ta den, seier Berg. Han meiner oljebransjen har vore ein føregangsbransje når det kjem til tryggleik, og trur erfaringa hans, både som HMS-ansvarleg og som offshore-arbeidar, vil kome oppdrettsnæringa til gode.

Det var oppdrettsselskapet Cermaq som såg sitt snitt til å kapre Berg då dei høyrde at North Energy skulle legge ned kontoret i Alta. Og han kjem ikkje aleine.

Liv Andrea Myklevold har jobba med HR i same selskap som Berg, og dei fortset som kollegaer, men no i ny bransje, og med litt andre lønnsvilkår.

– Oljebransjen er nok i ein særklasse, svarer Myklevold på spørsmål om lønnsnivået vil endre seg når ho går frå olje til oppdrett.

Både Myklevold og Berg understrekar at oppdrettsbransjen slett ikkje er dårleg betalt, men ligg på eit meir gjennomsnittleg nivå enn lønna i oljebransjen.

– Oppdrettsbransjen betaler for god kompetanse, stadfester Berg.

Det er først og fremst det høge lønnsnivået i oljebransjen, som har gjort det vanskeleg for andre bransjar å konkurrere med oljeselskapa om dei beste hovuda. Når 15 000 oljejobbar no er borte, kan det gjere det lettare for andre bransjar å finne kvalifiserte folk.