35.000 laks rømte i Bremanger

Nyheter
554

29. april varsla Marine Harvest om rømming frå selskapet sitt anlegg på lokaliteten Gulestø i Bremanger kommune. Marine Harvest har no avslutta teljinga av fisk i anlegget. Den viser at 35 000 laks har rømt som følgje av skadane, skriv Marine Harvest i ei pressemelding.

Det var 191 000 laks i den skada merda, med ei snittvekt på tre kilo.

Marine Harvest betalar 500 kroner per innleverte fisk frå anlegget. Fangst må skje i samsvar med gjeldande reguleringar og løyve gitt av Fylkesmannen.

Det vart sett i verk gjenfangstfiske umiddelbart etter at skaden vart oppdaga, og 891 er fanga så langt.

Marine Harvest har ein nullvisjon for rømming og ser svært alvorleg på hendinga. Selskapet vil, i samarbeid med Fiskeridirektoratet, gå gjennom hendinga for å lære av det som har skjedd.