Brønnbåtreiar fryktar verftsmangel

Nyheter
523

– Dette er ei strategisk investering for oss, seier Glenn Bradley i Rostein til Nett.no.

Brønnbåtreiarlaget på Harøya i Sandøy kommune har 11 brønnbåtar i drift, og trur det blir behov for fleire framover. Bakgrunnen for den vurderinga at oppdrettsnæringa vil vekse samstundes som behovet for brønnbåtar til mellom anna lusebehandling av laksen er aukande.

Les også: Rostein tar over skipsverft

No fryktar reiarlaget at verftskapasiteten blir ein flaskehals.

– I den vekstfasen vi ser for oss skal kome i næringa så er det eit scenario, seier Bradley.

Sjølv om skipsverfta generelt har fått litt mindre å gjere i løpet av det siste året, er det berre eit fåtal verft som har kunnskap og erfaring om å bygge brønnbåtar, meiner Bradley.

Det handlar mellom anna om at brønnbåtreiarlaget kan vere trygg på å få båtar til avtalt tid, pris og kvalitet.

– Det er eit ganske begrensa antal verft som har denne spesialkompetansen, seier Bradley.