Betalingsviljen for kjøp av produksjonsauke har vore brukt som eit argument for at havbruksnæringa framleis har stor investeringsvilje og lever godt med den politikken som blir ført. Den manglande interessa under årets auksjonsrunde tydar på at ei grense er nådd, etter ei rekke år med stadig mindre handlingsrom og stø auke i kostnader.
Trafikklyssystemet skulle vere løysinga på alle spørsmål i havbruksforvaltninga. I røynda har det synt seg å vere ei omfordeling på vegen til ei nedbygging. Nord har fått meir, vest har mista. Systemet har ikkje gjeve den omstillinga som enkelte er tydelege på at dei forventa. Forklaringa er ganske enkel; det er lite som motiverer mindre til dristige investeringar, enn trugsmål om inndraging og stadig nye skrankar for lønsam drift.
Ved sidan av at produksjonsløyva blir nedjusterte, har arealtilgangen blitt trongare. Ei omstilling til lukka, pumpedrivne produksjonssystem vil krevje meir beskytta lokalitetar og tilgang til meir straum frå land. Dette vil med andre ord fordre at samfunnet aksepterer å setje av areal nærare busetnad og inne i fjordane. Når staten svarar med meir vern, verkar dette lite sannsynleg.
Les også: Investeringene langs kysten stopper opp
Superprofitt
Eit godt tiår med høgkonjunktur for næringa fekk mange til å fatte interesse for inntektene denne medførte. Det var ikkje berre investorar, men òg dei som vil skaffe inntekter til det offentlege. Samfunnet ville ha sin del av marginen, gjennom produksjonsavgift og grunnrenteskatt, samt oppskriving av formueverdiane for produksjonsløyva i private selskap.
Dei som vil ha ein del av oppturen, får gjerne ta del i nedturen òg. Kommunane merkar no at Havbruksfondet tørkar ut. I tillegg har staten effektivt konfiskert delar av inntektene som har kome derifrå gjennom å redusere i statlege overføringar, såkalla utjamning, slik at kompensasjonen for dei som sette av areal vart ganske avkorta. Sosialisme i praksis, kan ein freistast til å seie. No er kostnadane i ferd med å ete opp velstanden både for næringa og med-profitørane. Dei med minst handlingsrom merkar det først, små selskap og små kommunar.
Staten er alltid lurast
Gjennom heile denne Ikaros-ferda har regjeringa famla med nøkkelknippet. Lite har skjedd. Dei radikale forslaga som kom fram i den siste havbruksmeldinga, er heller ikkje eigna til å stimulere til bruk av risikokapital i norsk havbruksnæring. I hovudtrekk ser det ut til å bli eit skifte av gir frå gradvis nedbygging til rask avvikling for store deler av næringa.
Sjølv om dette føyer seg pent inn i trenden med å bygge ned produksjonsverksemd i Norge, er det stikk i strid med dei ambisjonane som dei styrande har uttalt. Staten har blitt ein «medeigar» som ikkje vil investere. Næringslivet må klare å bygge betre med langt mindre handlingsrom. Det kan fort føre risikokapitalen over på andre jaktmarker. Staten sjølv har vore framsynt i så måte. Han har selt sine eigarpostar i norsk havbruk for lenge sidan.
For Firda handlar det framleis om å satse på trass av politikk og reguleringar. Over 300 menneske er klare til å gå på jobb hos oss kvar dag, lokalsamfunn stolar på at vi står fast ved ansvaret som hjørnesteinsbedrift. Vi håpar å framleis kunne drive, gjennom nøkternheit og gode samarbeid, med tolmod og kunnskap bygd gjennom 40 år. Staten si karriere som garantist for velferd i distrikta er trass alt ganske kort og avgrensa, målt mot historia om korleis folket der har ordna opp sjølve.



