– Absurd forslag

Nyheter
1087

-Det slår meg som heilt absurd; ein seier ein vil legge fram eit rammeverk for føreseielegheit i næringa, og endar opp med å føreslå tidenes eksperiment, seier Øyvind Kråkås, informasjonsansvarleg i Salmon Group.

Salmon Group reagerer med spontan skuffelse over det fiskeriministeren sende ut på høyring i dag. Nettverket meiner det mest føreseilege i utkastet er at ein går mot ei næring med nokre få dominante aktørar.

– Vi argumenterte grundig mot arealutvalet sine forslag då dei var på høyring sist. Sidan den gong har vi empirisk kunne slå fast at utsettsonar ikkje fungerer som eit verkemiddel. Vi har teke til orde for ei grundig evaluering av sonedrifta i Hordaland og Trøndelag. I staden får vi dette, det er nesten absurd.

Ei inndeling i produksjonsområde vil vere ei total omkasting av dagens lokalitetsstruktur, og påføre lokalt baserte aktørar ei betydeleg ulempe både økonomisk og praktisk. Salmon Group meiner det verste med forslaget likevel er at det med stor sikkerheit ikkje vil ha nokon positiv miljømessig verdi.

– Vi ser at dei såkalla branngatene aldri blir breie nok, til og med Hustadvika fall jo som naturleg barriere, og at sonane fungerer først og fremst som pressområde for smitte når biomassen er høg. Brakkleggingstida demmer ikkje opp for denne ulempa. Soneinndeling er eit skrivebordsforslag, men med dramatiske praktiske konsekvensar. Det står fram som ein skreddarsydd idè for dei som ynskjer færre aktørar i næringa, seier Kråkås.

Nettverket held fram at ein no vil kjempe hardt for å nå inn til regjeringa med den kunnskapen som bør hindre ei innføring av produksjonsområde.

– Sist gong ei omlegging av produksjonsregime var ute på høyring, med forslag om rullerande gjennomsnitts MTB, var der og tre ulike alternativ på bordet. Den gong enda statsråden opp med å føreslå eit fjerde og heilt uventa alternativ. Vi får håpe på det denne gongen og. Men ein kan jo spørje seg om desse stadige høyringsrundane er ein god måte å utøve politikk på. Det binde opp mykje ressursar som burde vore brukt meir praktisk målretta.