Ola Braanaas er aktuell i bok og tv-serie

Det har gått 40 år sidan Ola Braanaas gjekk i gang med to friske hender og ein pantsett barndomsheim. Bedrifta har utvikla seg frå eit sjølvbygd settefiskanlegg til eit fullintegrert konsern med aktivitet i sju vestlandskommunar. Denne veka er han tv-aktuell i NRK-serien RISK, samstundes som historia om Firda Seafood Group blir utgjeven i bokform. 

Den vanlege historia dei siste 50 åra har vore at bygdeungdom trekke mot byane for utdanning og yrkeskarriere. Ola Braanaas gjekk den motsette vegen. Han vaks om i bydelen Ytrebygda i Bergen. Han engasjerte seg på den politiske venstresida og spelte i punkband. Men interessa for fisk tok han til fiskarfagskulen i Austevoll, og seinare til Svanøy i Sunnfjord, der det på 1980-talet var eit innovasjonsmiljø for nye distriktsnæringar, deriblant fiskeoppdrett.

Oppstarten av Firda Settefisk i Norddalsfjord, i noverande Kinn kommune, handla ikkje om tunge analyser eller tanken om å bygge seg ei formue, men om å kaste seg på ein sjanse som oppstod til å bygge sin eigen arbeidsplass. Det gjorde Ola i heilt konkret forstand, med hjelp frå kjærasten, vener og familie. Då det var vanskeleg å få lån i banken, sette foreldra huset i Bergen som pant.

Ola Braanaas i tidleg fase i Norddalsfjord. Foto: privat

Serien RISK, produsert av den populære duoen Nils og Ronny, handlar om kva som motiverer folk til å starte eiga verksemd, og kva det krev av dei. For Ola er ikkje gründerskapet ein tilbakelagt fase, men ein livsstil. Han har utvikla bedrifta gjennom heile verdikjeda, og samstundes teke den historiske, men forfalne handelsstaden Skjerjehamn i Gulen under sine venger. Mange kjenner i dag staden som «heim» for Knut Steen sitt monument over kong Olav V, og for den årlege Utkant-festivalen.

Les også: Firda runder 40 år: – For meg var det naturlig å overlate stafettpinnen til henne

Boka «Mot straumen» handlar om korleis Firda-konsernet har blitt forma og vakse gjennom opp- og nedturar i 40 år. Den syner korleis gründeren har levd i eit samliv med bedrifta, og korleis dei to har prega kvarandre. I dag har andre generasjon teke over den daglege drifta, men Ola er aldri meir enn «eit teljarskritt» unna. Han er vaken for utviklinga, og redd for å stivne i det utdaterte.

Det er Øyvind Kråkås som har skrive boka om Firda Seafood Group, på oppdrag frå selskapet. Han seier at historia om Ola Braanaas og livsverket hans var ei soge som forlangte å bli skriven:

– Dette er ei klassisk forteljing om ein som vart nedvurdert, og som synte at han kunne vinne over det meste. Ei Askeladden-historie. Det er ei historie om byguten som satsa i distrikta medan lokal ungdom flytta til byn. Det er ei skildring av framveksten og utfordringane til norsk oppdrettsnæring, og kvifor berre nokre få bedrifter står att. Om å kjøpe høns i regnvêr og å halde ut i tunge motbakkar. Men det er og forteljinga om jappetid, bankkrise, EU, det norske samfunnet og korleis enkeltmennesket kan spele ei rolle, om ein vil og vågar. Eg trur mange vil ha glede og interesse av denne historia, seier Kråkås.

Presentasjon av bok under jubileumsfeiring; forfattar Øyvind Kråkås, designar Vilde Kleppe Braanaas og Ola Braanaas, foto: Fotograf Morten Sæle