Men direktoratet vil ikkje opne for meir fiske i 2026 enn i fjor.
Miljødirektoratet vil opne for fiske i tre friskmelde gyrovassdrag: I Skibotnelva, Signaldalselva og Kitdalselva. I alle andre vassdrag blir dei strenge fiskereglane vidareførte. Det skriv dei i ei pressemelding.
– Vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på villaksen. Eg er glad for å sjå at tiltaka mot lakseparasitten gyro har hatt god effekt, og at laksebestandane blir styrkte i dei elvane vi har gjort denne behandlinga. Dette gir skikkeleg motivasjon til å jobbe vidare for å redde lakseelvane våre. No kan vi konsentrere oss om tiltak mot dei andre faktorane som truar villaksen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Vi har lykkast med å byggje opp fiskebestandane i fleire vassdrag som tidlegare var infiserte av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Derfor foreslår vi å opne for fiske igjen der bestandane no er i god vekst. Samtidig står førevarføresegnene frå 2025 fast i dei fleste norske vassdrag, og vi vil ikkje opne for meir fiske i år enn i fjor, seier direktør i Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
I 2024 stansa Miljødirektoratet laksefisket mellombels i 33 elvar og i sjøen frå svenskegrensa til Trøndelag, etter historisk låge fangstar og høg risiko for alvorleg skade på laksebestandane.
I 2025 vart dette følgt av eit planlagt førevarregime med tidenes strengaste restriksjonar for å stabilisere situasjonen. I 2026 blir dette regimet vidareført uendra, med nokre få unntak.
Les meir her.






