Eigarane i Lingalaks har etter ein grundig strategisk gjennomgang valt å halde fram som eigarar og vidareutvikle selskapet med utgangspunkt på Vestlandet.
– Havbruksnæringa er inne i ei tid med strukturelle endringar, teknologisk utvikling og skjerpa rammevilkår. Vi har difor gjennomført ein brei prosess der fleire reelle alternativ har vore vurderte. Konklusjonen er at Lingalaks har sterke føresetnader for vidare utvikling innanfor dagens eigarskap, seier Erlend Haugarvoll, styreleiar og eigar i Lingalaks, i ei melding.
Strategiprosessen har omfatta vurderingar knytte til eigarstruktur, samarbeid, teknologi og produksjonsmodell, og har vore ein del av eigarane sitt arbeid med å sikre langsiktig verdiskaping.
– Arbeidet har gitt oss eit solid beslutningsgrunnlag og styrkt trua på at vi kan utvikle Lingalaks vidare frå Vestlandet. Vi vil byggje vidare på lokal kompetanse, sterke fagmiljø og ei målretta satsing på kvalitet, fiskehelse, teknologiutvikling og berekraftig drift, seier Haugarvoll.
Han peikar samstundes på betydninga av stabile og føreseielege rammevilkår for familieeigde selskap i havbruksnæringa.
– Ein stor del av verdiskapinga i norsk havbruk er skapt av familieeigde selskap langs kysten. Skal denne eigarmodellen bidra til vidare utvikling og investeringar, er det avgjerande med rammevilkår som gir rom for langsiktig eigarskap, teknologisatsing og lokal verdiskaping. Dette er viktig å ta med seg i vidare utforming av regelverk og verkemiddel, seier Haugarvoll.
Lingalaks har hovudkontor i Norheimsund og er heileigd av Haugarvoll-familien.







